fredag 8. januar 2016

Vegleiartur med B1 og B2

Årets vegleiartur sto for tur og denne gongen var det me i B3 som hadde ansvaret for både planlegging og gjennomføring av turen saman med ein liten gjeng frå B1 og B2. Eg og Jørgen var på gruppe for denne turen hadde meg oss ei fantastisk gruppe menneske som gjorde det til ei veldig god oppleving for oss. Detta var fyrste turen eg nokon gong har hatt ansvar for utan egen vegleiar, så dette var ein veldig god fyrste gong oppleving for min del. Som vegleiar er det mykje ein har ansvar for når ein skal ha med seg ei gruppe på tur. Alt frå etablering av leir, vegleiing, til bålbygging. Når ein skal vere ute i tre dagar på hausten er det viktig å få i gang bål for å kunne lage mat og for å halde varmen, samtidig er det ei viktig kjelde til sosialisering med gruppa på kveldane. I dette innlegget skal eg ta føre meg korleis ein bygger eit godt og trygt bål.

Bilete: mitt eige




BÅL
1. Eigna plass 
Kor ein vel å tenne bålet er viktig i forhold til skade på underlag og fare for at det kan ta fyr utanfor bålet dersom det er tørt når ein fyrar bål. I tillegg bør ein tenke på kor bålet står i forhold til ver og vind, spesielt dersom bålet skal vare lenge. Kva type bål ein vel å fyre kjem ann på når på året ein skal lage det og kva formål det er til (DNT, 2006).

2. Tennved 
Når ein skal fyre bål seier det seg sjølv at ein må ha tørr ved og ein plass ein finn mykje fin tørr ved er nederst på stamma til grana til dømes. I tillegg fungerer bjørkeneveren veldig godt til opptenning (DNT, 2006).

3. Får flammene oksygen? 
Bilete: mitt eige
For å få start vil ein starte med å legge neveren frå bjørka i botn av bålet etterfulgt av mindre kvistar oppå. Dette er rett og slett forde never og mindre kvistar fortare tar fyr enn store kubbar. Når ein har fått fart på flammene kan ein legge på større kvistar og greiner for å halde det gåande. Under oppfyringsfasa er det viktig at bålet alltid for oksygen så det er viktig å blåse på glørne. Det er også viktig å tenke på at bålet må få luft heile tida, at ikkje veden ligg så tett at det kveler flammene på grunn av oksygenmangel (DNT, 2006). 

4. Før ein reiser i frå bålet
Ein skal ALDRI reise frå eit bål som er i live. På vinteren kan ein bruke snø for å dekke over noko som vil kvele bålet, men resten av året når ein ikkje har snøen er det viktig å la det brenne seg ferdig og deretter tømme på vatn for å slukke det. Når ein er på tur er det også viktig å tenke på sporlaus ferdsel, så ein vil rydde vekk eventuell ved som ikkje er brukt og dekke til bålplassen så godt ein klarer (DNT, 2006). 

Kjelder:
Den Norske Turistforening. (2006). Slik tenner du bål. Henta 08.01.16, frå: http://www2.turistforeningen.no/article.php?ar_id=6783&fo_id=3308















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar