Datoen er 25.august og årets fyrste tur for oss ivrige friluftslivstudentar stod endeleg for tur. Vi retta nesa mot Kaupanger og Amlabukta kor denne turen starta. Hovudtema for turen var kano og dermed var kameratredning i kano og livredning ved drukning eit av dei viktigaste tema for turen.
LIVREDNING
Etter ei økt med kameratredninga i kano, var det tid for å gå igjennom rutina for førstehjelp og livredning ved drukning. Prosedyra for livredningsøkta er å hoppe i vatnet, svømme 10-20 meter ut, dykke ned og hente opp livredningsdukka (eventuelt ein anna gjenstand med litt vekt - valfri djubde, men ikkje djupare enn 3m), svømme ut med forlenga arm for å hente inn ein person, utføre hjerte- og lungeredning (HLR) og gi vidare beskjed om kontakting av hjelp (Augestad, T 2011).
Når ein skal redde ein person som står i fare for å drukne, er det viktig å ha ein gjenstand mellom seg sjølv og personen ein skal redde. Grunnen til dette er på grunn av at den druknande personen befinner seg i eit sjokkstadiet kor han/ho kun tenker på å redde seg sjølv, så å gripe tak i noko som hjelper med å flyte står sterkt.
Om det er ein redningsvest eller deg bryr personen seg ikkje om og dette kan utsetje ein for stor fare og situasjonen kan ende med to drukningar. Derfor: ALLTID ha med deg eit eller ana som kan vere mellom deg og offeret (Augestad, T 2011).
Etter me hadde svømt inn med personen var det tid for å utføre HLR, som dei fleste har vore igjennom mange gonger i livet, men som ein aldri kan få øvd nok på. Det fyrste ein skal gjere når ein har fått den drukna personen på land er vanleg rutine med sjekk av bevissthet, puls og kjenne etter pust ved å gi frie luftvegar og så vidare. Dersom personen viser seg å vere besvisstlaus skal ein rope om hjelp, og be nokon ringe 113 for så å setje i gong med HLR. (Leirvåg Kompetanse, u.å)
Ved drukning skal ein starte med 5 innblåsningar for så å fortsette med 30 kompresjonar og 2 innblåsningar. Dersom ein skulle gløyme å starte med 5 innblåsningar, er ikkje det krise bare ein då fortsetter med 30-2 rutina. Fasiten seier at ein skal ha 100 kompresjonar i minuttet og for å halde rett rytme for å greie dette kan ein ha songen "staying alive" av Bee Gees i bakhovudet. (Norsk Luftambulanse, u.å)
Hjerte- og lungeredning skal ein halde fram med heilt til personen eventuelt vaknar og får puste igjen, eller heilt til hjelpemannskap kjem og kan ta over jobben.
Dersom personen du har fått opp på land er bevisstlaus men pustar, så skal ein ikkje starte med HLR. Då skal personen leggjast i stabilt sideleie slik at dersom personen spyr eller hostar opp vatn så vil det gå ut av munnen. Skulle dette skje og personen ligg på ryggen vil den i værste fall bli kvalt i sitt eget oppkast. Det vil vi sjølvsagt unngå!
Kjelder:
![]() |
Foto henta frå filmen til Armando Navarro |
![]() |
Foto henta frå filmen til Armando Navarro |
Om det er ein redningsvest eller deg bryr personen seg ikkje om og dette kan utsetje ein for stor fare og situasjonen kan ende med to drukningar. Derfor: ALLTID ha med deg eit eller ana som kan vere mellom deg og offeret (Augestad, T 2011).
![]() |
Foto henta frå filmen til Armando Navarro |
![]() |
Foto henta frå filmen til Armando Navarro |
Hjerte- og lungeredning skal ein halde fram med heilt til personen eventuelt vaknar og får puste igjen, eller heilt til hjelpemannskap kjem og kan ta over jobben.
Dersom personen du har fått opp på land er bevisstlaus men pustar, så skal ein ikkje starte med HLR. Då skal personen leggjast i stabilt sideleie slik at dersom personen spyr eller hostar opp vatn så vil det gå ut av munnen. Skulle dette skje og personen ligg på ryggen vil den i værste fall bli kvalt i sitt eget oppkast. Det vil vi sjølvsagt unngå!
Kjelder:
Augestad,
T (2011). Kroppsliggjort kunnskap og livredning i vann. Hjelpekorps.
Leirvåg Kompetanse. (u.å) Førstehjelp - kurs og informasjon. Tilgjengeleg frå: http://www.forstehjelp.info/hjerte-lunge-redning/ (lest: 8. desember 2014)
Norsk Luftambulanse. (u.å) Livredning og førstehjelp. Tilgjengeleg frå: http://helseogsosialfag.cappelendamm.no/binfil/download.php?did=60011 (lest: 8.desember 2014)
Bilder henta frå filmen til Armando Navarro:
http://vimeo.com/105479335

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar