lørdag 25. oktober 2014

Høyfjellstur

1. september la vi ut på nok ein tur, denne gong var det tid for å flytte seg frå fjord til fjell. Høgfjellsturen, med start i Grinde, gikk over ei veke der vi forflytta oss tvers over fjellet og til slutt havna i Sogndal. Tema for turen var blomster og vegetasjon og vi fikk alle i oppgåve å presentere ei plante kvar, pluss at vi skulle merke oss ti planter som vi skulle skrive om i ettertid. I dette innlegget skal eg ta føre meg ti planter og gi ein kort beskrivelse av dei.


Ti planter - kort og konkret

Ryllik
Dette er ein av dei plantene som er veldig enkle å kjenne igjen. På grunn av dens kvite utsjånaden så er dette ei plante som er enkel å få auge på. Dette er ein av dei vanlegaste plantene vi har. Kjennetegnet på denne planta er blomsten. Planta består av fleire halvskjermar av kvite små blomster. Rotsystemet til rylliken er veldig godt utvikla og den kan dermed utbreie seg på store områder. Du finner denne planta i grøftekantar, tørre engar, bakkar og open skog.
Ryllik vart flittig brukt som kultur- og medisinplante og kinesarane var tidleg ute med å ta i bruk denne planta. Bortsett i frå dette er rylliken bruka i brennevin, øl og som krydder i maten.
Ein finn rylliken i heile landet opp til snaufjellet, der høgaste notert voksested er 1590 moh. (Kristoffersen. 2007. s. 187)






Hestespreng
Dette er ei bregne innanfor hestesprengslekta i hestesprengfamilien og dette er den einaste planta vi har i Noreg som representerer denne familien. Bregna er 10-15 cm og består av fertile og sterile blad. Fargen på lanta er grønn med brun stilk. Hestespreng vokser i heile Noreg, og er oftast å sjå i fjellet. Denne planta er å finne i steinete, opne og kalkfattige området, samt snøleie, rasområder og grasbakkar.
(Hestespreng. 2013)






Fjellmarikåpe
Fjellmarikåpa tilhøyrer rosefamilien og er ein art innanfor marikåpa. Den skil seg derimot frå marikåpa på bladformen, ved at blada på fjellmarikåpa er delt nesten til midten. Denne planta er vanlegast å finne i tette tuer.
Planta har små, gulgrønne blomster som manglar kronblad og den foretrekker helst kalkfattig grunn. Vanlig voksestad for fjellmarikåpa er hei, beitemark og tidlege snøleier. Den er vanleg i heile fjellkjeda, men kan også bli sett i lavlandet.
(Kristoffersen. 2007. s. 97)


Lusegras
Denne planta manglar krypande jordstengel og stilken er stivt oppretta. Lusegras finn ein i barskog i lavlandet og på fuktig jord i fjellet. Namnet til planta kjem av at den er vorte bruka mot hovudlus og andre skaddyr på dyr og mennesker. Lusegras er vanleg i heile landet og er vanleg å finne heilt frå kysten til fjellet.
(Kristoffersen. 2007. s. 20)






Tepperot
Tilhøyrer rosefamilien, men skil seg i frå andre murer ved at den har fire kronblad. Rota til denne planta er kraftig og raud og den veks ofte i tette tuer. Blomsten er enkel å få auge på i og med at den er gul. Når det gjeld voksested så stiller den ikkje så høge krav til jordmonnet sør i landet, men dess lenger nord vi beveger oss vil den gradvis kreve meir næringsrik jord. Voksestad er skog, eng, myr og hei.
Navnet tepperot kjem frå kva den blei bruka til, det beskriv ikkje kvar den veks. Verbet å teppe vil sei å stoppe eller å sette kork i og på grunn at planta inneheld garvestoff som virkar samantrekkande, har den blitt bruka mot fordøyelsesproblem, kolikk og laus mage. Den raude fargen i rota der i mot har blitt bruka til farging av garn.
Tepperota er vanleg å finne i fjelltrakter nord til Midt-Troms. Lenger nord finnast den mest i lavlandet.
(Kristoffersen. 2007. s. 90)

Følblom
Folbom tilhøyrer kurvplantefamilien og er ei formrik plante med fleire underartar. Stengelen til planta er rett eller litt bøyd med ein eller eit fåtall blomster med smale fjærdelte blader som sitter i ein rosett. Blomstene er gule og kan lett forvekslast med tildømes løvetann. Innanfor følblom slekta har vi ein fjellform som vert kalla fjellfølblom. Denne skil seg frå lavlandsformen ved at den er mindre, einblomstra og med rosettblad med nokon fåfjærflika tennar.
Følblomen er vanleg å finne i heile fjellkjeda.
(Kristoffersen. 2007. s. 193)


Bjørk
Planteslekt i bjørkefamilien. Bjørk er eit lauvtre og inngår dermed i den kategorien av tre og buskar som feller lauvet om hausten. I Noreg har vi tre forskjellige typer bjørk; dunbjørk, dvergbjørk og fjellbjørk.
I den nordlige tempererte sona kan me finne 60 ulike artar. Her dannar dei reine bjørkeskogar eller så kan dei blande seg med andre lauvtre og danne ein blandingsskog. Blomstane til bjørketreet sitter i noko som heiter raklar, der begge kjønn er på same tre.
Bjørka vart før i tida bruka til mykje forskjellig. Barken vart bruka til garving, medan neveren vart bruka til taktekking og det var danna olje av neveren som ein bruka mot sjukdom på dyr. Lauv og kvist frå treet vart bruka til for. Bjørk blei og bruka i ein litt meir overtruisk samanheng der folk trudde dei kunne driv bort skadeinsiket og trollskap ved å slå i jorda med bjørkekvistar.
(Bjørk. 2014)

Røsslyng
Røsslyng er ein av dei vanlegaste lyngplantene vi har. Den blir definert som ein tettgreina dvergbusk med små nåleforma blad. Blomane til røsslyngen er svært små og dei sitter i fleire samlingar langs stilken. Blomane er vanlegvis raudfiolette men dei kan óg vere kvite, dog dette er svært sjeldan. Planta er vanlegast å finne der det er næringsfattig lynghei og berg. Dette er ei plante som blomstar seint.
På grunn av dens sterke farge kan røsslyngen på seinsommaren legge seg som eit fargerikt teppe i naturen. Røsslyng inneheld mykje nektar som tiltrekker seg bier og humler, og dette gjer at planta har hatt stor betydning for produksjonen av lynghonning. I tillegg til dette har den og vore høsta og bruka som brensel.
Røsslyngen er å finne i lågare strøk i heile landet. I fjellet er den vanleg nord til polarsirkelen og mindre vanleg lenger nord og i indre delar av Austlandet.
(Kristoffersen. 2007. s. 135)


Reinlav
Høyrer til busklavarten og er ein art som kan dekke store areal i fjellet der den veks.
Når det gjeld reinlav kan vi skilje mellom to typer; grå og lys. Forskjellen er at den lyse reinlaven har ein litt tettare forgreining enn den grå. Ut i frå denne forskjellen er det kun fargen som skil dei. Reinlav er å finne i open furuskog og i snaufjellet på tørre rabbar og forholdvis tørr mark. Reinlav er ei viktig næringskilde for rein om vinteren.
Tidligare blei denne type lav bruka som kosttilskot for menneske. Dersom ein studere den kvite reinlaven litt nærare kan ein sjå at den er litt gulaktif på farge. Dette er fordi den inneheld usininsyre som har antibiotisk verknad.
 (Reinlav. 2009)
(Hamre, H.B. 2011)


Molte
Dette er fjellmyras og Nord-Noregs eigen bærfrukt. Dette er ei krypande plante og stengelen utviklas dermed frå krypande utløparar. Blada er nyreforma og blomsten er stor og kvit. Denne planta er litt spesiell med det at hann- og hunnblomstener veks kvar for seg, og det er bare hunblomstane som utviklar seg til å bli det fine, velsmakande bæret. Bæret er fyrst raudt og blir til slutt meir oransje. Molte er å finne på næringsfattig grunn og den veks på torvmyr, i fuktig skog og lyngheier.
Molte har lange tradisjonar som både næringsmiddel og i medisinsk bruk. Molta er svært populær og det kjem av både den gode smaken og det høge innhaldet av vitamin C.
Før i tida vart molta bruka av sjøfolk som middel som sjørbuk.
Det er vanleg å finne molte i alle fjellstrøk og den er óg å finne enkelte stadar på Svalbard. Og sist men ikkje minst så er molta fylkesblomsten til Finnmark.
(Kristoffersen. 2007. s. 93)


Kjelder

Hamre, H. B. (2011) Fjellet (2. utgåve, 4. opplag). Latvia: Cappelen Damm as.

Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Bergen: Vigmostad og Bjørke.

Store norsk leksikon. (2014) Bjørk. (Internett) Tilgjengeleg frå: https://snl.no/bj%C3%B8rk. (Lest: 25.10.14)

Store norske leksikon. (2009) Reinlav. (Internett) Tilgjengeleg frå: https://snl.no/reinlav. (Lest: 25.10.14)

Wikipedia. (2013) Hestespreng. (Internett) Tilgjengeleg frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Hestespreng. (Lest: 22.10.14)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar