Målet for turen var å lære å ferde trygt på bre, lære knutar, stegjernteknikk, samt korleis ein skal løyse ulike situasjonar. Ein av dagane lærte me korleis ein utfører ein redningsaksjon på bre, og det er det tema eg har vald å gå meir inn på.
KAMERATREDNING PÅ BRE
Kameratredning på bre er noko ein aldri får trena nok på. Så dette var ein svært lærerik og morosam dag.
Ved redning på bre kan ein kome bort i to ulike situasjonar - bre med eller utan snø. Vi lærte redning på bre utan snø og gikk i taulag på rundt 4-5 personar. Det som er viktig når ein er på bre er å alltid ha to taug i kvart taulag. Den som går fyrst i taulaget skal aldri ha det tauget som er til overs, det skal helst vere den som går seist som har ansvaret for dette.
Det fyrste ein må gjere når ein person har falt ned i ein sprekk er å varsle resten av taulaget om situasjonen slik at den som står med reservetauget kan byrje å gjere det klart. Deretter er det viktig å få avlasta tauget så fort som mogleg og dette gjer ein ved å setje ned ein isskrue. I denne isskruen skal ein feste ein karabin med ein klemknuteslynge i. Klemknuten festas så til tauget som går ned til personen i sprekken, og tauget er no avlasta. (Haslene, 2008)
![]() |
Foto: Sine Riis Dammeyer |
![]() |
Foto: Sine Riis Dammeyer |
For at oppheisinga skal bli så enkel som mogleg skal den personen som er nede i sprekken bruke klemknuten han har til å avlaste tauget etterkvart som har vert dratt opp av sprekken.
(Haslene, 2008)
Den type talje som ein brukar for å heise personen opp av sprekken kallast for ei hjelpetalje eller 1:2 talje. Formålet med å bruke talje ved redning på bre er rett og slett for å forminske tyngda på den ein skal dra opp. Ei 1:2 talje vil doble mengden taug ein må dra inn, men den vil halvere vekta ein må løfte opp.
(Haslene, 2008)
![]() |
Dobbel åttetallsknute |
![]() |
Hjelpetalje |
![]() |
Klemknute |
Kjelder:
Haslene, S. (2008) Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.
Bildekjelder:
Hjelpetalja:
http://www.fjellforum.no/topic/4274-1316-talje/
Klemknute:
http://www.huntingnet.com/forum/whitetail-deer-hunting/174861-safety-harness-knot.html
Dobbel åttetallsknute:
http://www.villmarksfreak.no/#!åttetallsknute/zoom/c11pm/image34a
http://www.huntingnet.com/forum/whitetail-deer-hunting/174861-safety-harness-knot.html
Dobbel åttetallsknute:
http://www.villmarksfreak.no/#!åttetallsknute/zoom/c11pm/image34a
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar