torsdag 20. november 2014

Vegleiartur med B3

Nest seiste tur for hausten var vegleiartur med friluftslivstudentane frå 3. klasse. Turen vår gikk til området rundt Hungerhaug kor vi skulle ha leir i tre dagar. Fokuset gjekk mykje på å ha det koseleg i leiren i og med at ikkje alle kjente kvarandre på førehand. Me samarbeidde om det meste av oppgåvene som skulle bli gjort. Blant anna når det gjaldt å setje opp gapahuk.

Ein av oppgåvene som vi brukte litt tid på var å setje opp gapahuk. Det er mange måtar det kan bli gjort på, så dette er tema eg vel å ta opp i dette innlegget. Denne turen var svært regnfull og det å få sett opp gapahuken så fort som mogleg var ein prioritet.

GAPAHUK

Det er uendeleg mange måtar å setje opp ein gapahuk på, men den enklaste og beste måten er å bygge den mellom to tre. Det ein treng for å få sett opp ein gapahuk er eigentleg berre ein presenning og litt taug til å binde den fast. 
Dette var måten me byge vår gapahuk på

Når me var på tur så regna det så og sei heile tida, så eg både glømte og ville ikkje bruke telefonen så mykje for å ta bilete. Derfor har eg ikkje eigne bilete for å skrive dette innlegget. 

Det fyrste ein gjer når ein skal setje opp eingapahuk er å binde kvart hjørne av presenninga i kvar sitt tre. Deretter vil ein strekke den ut så mykje ein kan for så å forankre presenninga i bakken. For å gjere gapahuken endå meir stabil kan ein også leggje ein stokk heilt nederst på presenninga slik at den skal ligge i ro ved eventuell vind. 
(Bendix, u.å)


Den fyrste natta under gapahuken så løsna presenninga frå det eine treet så vi måtte setje den opp på nytt dagen etter. Erfaringar me gjorde oss var at vi blei nødt til å binde den fast endå betre og for å gjere dette har eg no lært at ein kan bruke dobbel halvstikk for at tauget skal sitje godt. Det vi kunne gjort for at gapahuken skal sitje så godt som mogleg var å legge ein stokk i mellom trea som gapahuken kunne blitt festa til. Då hadde ikkje vinden fått like godt tak og den hadde truleg ikkje løsna. Dersom ein skal feste denne stokken til treet ville vi tatt i bruk vinkelsurring for å få den til å sitje så godt som mogleg. Dette er heilt klart den beste måten å gjere det på. 

Ut i frå at den løsna i det eine hjørnet, så var den ellers solid og vi vart ikkje nødt til å ta i bruk nokon andre løysingar for å gjere den betre. Den kunne heilt klart blitt gjort endå betre, men den fungerte heilt fint til den turen vi var på.

Dobbel halvstikk


Vinkelsurring





Kjelder:

Bendix, M. Skoven i skolen & Udeskole.dk. Bivuak og gapahuk. (internett) Tilgjengeleg frå: 
http://www.skoven-i-skolen.dk/content/bivuak-og-gapahuk (lest 20. november 2014)

Bilete:

Gapahuken:

Vinkelsurring:
Dobbel halvstikk:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar