Fyrste turen for året gikk til Solund kor vi skulle lære om kystfriluftsliv. Vi var innom blant robåt, seglbåt og havkajakk som hovudaktivitetane på denne turen. Dagane med havkajakk resulterte i eit grunnkurs HAV, så vi lærte det mest grunnleggjande i forhold til ulike åretak og maøvrering av kajakken. I tillegg lærte vi ulike redningsmetodar og kameratredning, noko som er svært viktig å kunne. Ein av metodane vi lærte var
cowboyredning.
 |
Bilete henta frå google.com |
COWBOYREDNING
Etter eit velt er det viktig å halde fast på både åre og kajakk. Ettersom det kanskje er størst sannsynlighet for å velte når det er bølger og vind, vil det vere stor sjanse for at både åre og kjakk kan blå bort frå deg. Det fyrste ein vil gjere er å tømme kajakken for vatn. Det gjer ein ved å gå fram til tuppen av kajakken og løfte den opp så den blir tømt. For å ha kontroll på åra er det lurt å legge den under låret (padlesiden.no).
Når du har tømt ut så mykje vatn som mogleg er neste fase å snu kajakken. Dette er litt vanskeleg å få til, men med litt øving får ein det til. Når kajakken er snudd tar ein med seg åra og går til den bakerste luka. Nå er oppgåva å kome seg opp i kajakken igjen. Det gjer ein ved å legge seg på magen over bakre del av båten. Deretter må ein plassere beina på kvar si side av båten. Så er det bare å smyge seg fram mot cockpiten (som er hovudrommet kor ein sit). Det er lurt å prøve å halde eit så lågt tyngdepunkt som mogleg for å unngå ny velt (padlesiden.no).
Når ein er framme ved cockpiten må ein sette seg med rumpa ned fyrst, for så å prøve å lirke beina ned utan å velte. Det kan vere ein idé å bruke åra som støtte når ein gjer dette i og med at det er denne fasa det er størst sannsylighet for å velte på nytt. Etter at ein er tilbake i utgangsstilling er det kun igjen å ta på spruttrekket, så er ein klar (padlesiden.no).
Kjelder:
Padlesiden.no. (2011). Cowboyredning. Hentet fra: http://www.padlesiden.no/cowboyredning/
Bilete:
https://www.google.no/search?q=cowboyredning&espv=2&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&biw=568&bih=637&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0ahUKEwii8Nyd-efJAhXGwHIKHatBBAoQ_AUIBigB#imgrc=PQsSzGxJaAIqjM%3A