lørdag 19. desember 2015

Klatring på Kvam

Eit av dei artigaste faga vi har vore igjennom i haust, er klatring kor vi har lært alt det grunnleggande i forhold til topptaugfeste, klatring på led, sikring, rappelering og vi har og blitt introdusert for naturlig sikring. Det har vore eit svært lærerikt fag, kor dei fleste har utvikla seg utruleg mykje. Eg for min del har klatra ein del før vi starta med dette kurset, så det som bvar nytt og spennande for meg var rappellfeste.

RAPPELLFESTE

Eit rappellfeste er på mange måtar mykje likt som eit topptaugfeste ved at tauget skal leggjast dobbelt gjennom og skal vere mogleg å trekke ned etterpå. Eit rappellfeste kan lagast som eit topptaugfeste, men det er og nokre andre faktorar som er gjeldande for denne type feste:
  • Bør bli laga slik at det er enkelt å kome seg utfor kanten der ein skal rappellere ned
  • Må ikkje vere plassera slik at det kan sette seg fast når ein skal ta det ned
Bilete tatt frå boka Innføring i klatring av Stein Tronstad (2005)

Krav for festet er at det skal stå litt høgt og skal kunne ta i mot drag både utover og nedover. På grunn av at tauget vil bevege seg ein del under rappellen er det VELDIG viktig at festet er stabilt. Forankringane skal samlast og utlignast, som ved eit normalt topptaugfeste, ved hjelp av slynger. Slynga sentrerast med ein åttetallsknut eller overhåndsknut (alt etter kor mykje slynge ein har). Dersom rappellfestet skal brukast gjentatte gonger (som vi gjorde på Kvam) vil ein bruke to karabinere i senterpunktet. Men ein rappell er somregel til "eingongsbruk" og blir somregel brukt dersom ein må snu i ei rute, og det vil då ikkje vere nødvendig å henge igjen karabinere. Ein kan derfor tre tauget direkte igjennom senterløkka i slynga (Tronstad, 2005).




Det er strenge krav til både rappellfeste, topptaugfeste og standplassar:
  • Forankringspunkta skal vere 100% sikre
  • Feste skal bestå av minimum to ulike forankringar 
  • Forankringa skal vere utligna slik at alle vert belasta like mykje
  • Innfestingspunktet skal vere stabilt slik at det ikkje vert rykkbelastning dersom ein forankring skulle ryke
  • Festet skal klare belastning i alle retningar. 
 (Tronstad, 2005) 

Kjelder:
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akilles. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar