lørdag 19. desember 2015

Kystfriluftsliv i Solund

Fyrste turen for året gikk til Solund kor vi skulle lære om kystfriluftsliv. Vi var innom blant robåt, seglbåt og havkajakk som hovudaktivitetane på denne turen. Dagane med havkajakk resulterte i eit grunnkurs HAV, så vi lærte det mest grunnleggjande i forhold til ulike åretak og maøvrering av kajakken. I tillegg lærte vi ulike redningsmetodar og kameratredning, noko som er svært viktig å kunne. Ein av metodane vi lærte var cowboyredning.

Bilete henta frå google.com


COWBOYREDNING
Etter eit velt er det viktig å halde fast på både åre og kajakk. Ettersom det kanskje er størst sannsynlighet for å velte når det er bølger og vind, vil det vere stor sjanse for at både åre og kjakk kan blå bort frå deg. Det fyrste ein vil gjere er å tømme kajakken for vatn. Det gjer ein ved å gå fram til tuppen av kajakken og løfte den opp så den blir tømt. For å ha kontroll på åra er det lurt å legge den under låret (padlesiden.no). 

Når du har tømt ut så mykje vatn som mogleg er neste fase å snu kajakken. Dette er litt vanskeleg å få til, men med litt øving får ein det til. Når kajakken er snudd tar ein med seg åra og går til den bakerste luka. Nå er oppgåva å kome seg opp i kajakken igjen. Det gjer ein ved å legge seg på magen over bakre del av båten. Deretter må ein plassere beina på kvar si side av båten. Så er det bare å smyge seg fram mot cockpiten (som er hovudrommet kor ein sit). Det er lurt å prøve å halde eit så lågt tyngdepunkt som mogleg for å unngå ny velt (padlesiden.no). 

Når ein er framme ved cockpiten må ein sette seg med rumpa ned fyrst, for så å prøve å lirke beina ned utan å velte. Det kan vere ein idé å bruke åra som støtte når ein gjer dette i og med at det er denne fasa det er størst sannsylighet for å velte på nytt. Etter at ein er tilbake i utgangsstilling er det kun igjen å ta på spruttrekket, så er ein klar (padlesiden.no). 


Kjelder:
Padlesiden.no. (2011). Cowboyredning. Hentet fra: http://www.padlesiden.no/cowboyredning/

Bilete:
https://www.google.no/search?q=cowboyredning&espv=2&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&biw=568&bih=637&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0ahUKEwii8Nyd-efJAhXGwHIKHatBBAoQ_AUIBigB#imgrc=PQsSzGxJaAIqjM%3A


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar