torsdag 20. november 2014

Vegleiartur med B3

Nest seiste tur for hausten var vegleiartur med friluftslivstudentane frå 3. klasse. Turen vår gikk til området rundt Hungerhaug kor vi skulle ha leir i tre dagar. Fokuset gjekk mykje på å ha det koseleg i leiren i og med at ikkje alle kjente kvarandre på førehand. Me samarbeidde om det meste av oppgåvene som skulle bli gjort. Blant anna når det gjaldt å setje opp gapahuk.

Ein av oppgåvene som vi brukte litt tid på var å setje opp gapahuk. Det er mange måtar det kan bli gjort på, så dette er tema eg vel å ta opp i dette innlegget. Denne turen var svært regnfull og det å få sett opp gapahuken så fort som mogleg var ein prioritet.

GAPAHUK

Det er uendeleg mange måtar å setje opp ein gapahuk på, men den enklaste og beste måten er å bygge den mellom to tre. Det ein treng for å få sett opp ein gapahuk er eigentleg berre ein presenning og litt taug til å binde den fast. 
Dette var måten me byge vår gapahuk på

Når me var på tur så regna det så og sei heile tida, så eg både glømte og ville ikkje bruke telefonen så mykje for å ta bilete. Derfor har eg ikkje eigne bilete for å skrive dette innlegget. 

Det fyrste ein gjer når ein skal setje opp eingapahuk er å binde kvart hjørne av presenninga i kvar sitt tre. Deretter vil ein strekke den ut så mykje ein kan for så å forankre presenninga i bakken. For å gjere gapahuken endå meir stabil kan ein også leggje ein stokk heilt nederst på presenninga slik at den skal ligge i ro ved eventuell vind. 
(Bendix, u.å)


Den fyrste natta under gapahuken så løsna presenninga frå det eine treet så vi måtte setje den opp på nytt dagen etter. Erfaringar me gjorde oss var at vi blei nødt til å binde den fast endå betre og for å gjere dette har eg no lært at ein kan bruke dobbel halvstikk for at tauget skal sitje godt. Det vi kunne gjort for at gapahuken skal sitje så godt som mogleg var å legge ein stokk i mellom trea som gapahuken kunne blitt festa til. Då hadde ikkje vinden fått like godt tak og den hadde truleg ikkje løsna. Dersom ein skal feste denne stokken til treet ville vi tatt i bruk vinkelsurring for å få den til å sitje så godt som mogleg. Dette er heilt klart den beste måten å gjere det på. 

Ut i frå at den løsna i det eine hjørnet, så var den ellers solid og vi vart ikkje nødt til å ta i bruk nokon andre løysingar for å gjere den betre. Den kunne heilt klart blitt gjort endå betre, men den fungerte heilt fint til den turen vi var på.

Dobbel halvstikk


Vinkelsurring





Kjelder:

Bendix, M. Skoven i skolen & Udeskole.dk. Bivuak og gapahuk. (internett) Tilgjengeleg frå: 
http://www.skoven-i-skolen.dk/content/bivuak-og-gapahuk (lest 20. november 2014)

Bilete:

Gapahuken:

Vinkelsurring:
Dobbel halvstikk:

Skogstur i Kaupanger

Seiste tur for i år var skogstur på kaupanger. På denne turen var hovudfokuset leirhygge og ulike måtar å tilbrede mat på. Vi bruka dagane på å lære korleis ein set opp gapahuk på ein god måte, tilbreding av mat i kokegrop og sjusteinsomn, og så lærte vi om ulike gamle tradisjonar som til dømes korleis ein lagar kolstift og munk (ein slags bolle). Eg hadde ikkje vore med på å lage kokegrop før så eg tok derfor på meg den jobben for å lære dette.

Nedanfor kan du lese om litt historie i fohold til kokegrop og korleis det vert utført.

KOKEGROP

Kokegrop er ein eldgamal metode å koke kjøttet på kor du graver eit hol i bakken, fyller botn og sidene med stein for så å fyre bål i gropa for at steinane skal bli varme. I Noreg har arkeologar funne groper i bakken frå tidsrommet mellom slutten av eldre steinalder og heilt fram til byrjinga av tidleg jernalder. Eit spenn på ca 4000 år. Desse gropene viser tydleg at det har vore fyrt ild ved at det er gjort funn av trekol/sot med veldig små spor av feitt frå kjøtt og liknande. Det er arkeologane som har gitt desse gropene navnet kokegrop i og med at det er tegn til at dei har vore bruka til å tilbrede mat. (Fooladi, 2009)

Den eine dagen skulle vi ha middag tilberedt i kokegrop og sidan dette er ein prosess som tar lang tid måtte vi starte tidleg med å grave gropa for å få kjøttet ned i jorda så fort som mogleg. 

Foto: mitt eige
Det fyrste vi måtte gjere var å grave gropa. Kor breid, lang og djup den skal vere varierer veldig. På naturfag.no har dei laga ei oppskrift på kokegrop og der står det at den skal vere 1 x 1,5 meter med ei djubde på 50-60 cm. Dette kan varier ut i frå kor mykje kjøtt du skal ha ned i gropa.
 (Løvøy & Fooladi, u.å)

Der vi hadde leir var det ganske vått i bakken på grunn av regn så det var vanskeleg å finne ein plass som ikkje var alt for våt. Etter vi var ferdige med å grave oppdaga vi fort at det samla seg vatn neders i gropa. Dette er noko ein helst vil unngå i og med at vatnet fort kan avkjøle steinane som må vere varme for at kjøttet skal koke. 









Foto: mitt eige
Etter vi var ferdige med å grave var det tid for å legge i stein. Det er viktig å få dekt heile botn, samt sidene med stein i og med at det er dei som skal koke kjøttet. Som du ser på bilete fant den eine gruppa ein stor stein dei kunne ha i botn.
(Løvøy & Fooladi, u.å)

Det som er aller mest gunstig er å finne nokon steinar som ikkje er alt for store og tjukke i og med at dei skal bli ordentleg varme og det vil ta mykje lenger tid dess større steinane er. 












Fotot: mitt eige
Når alle steinar var lagt ned i gropa var det tid for å få i gong bålet. Den dagane me var på skogstur var rett etter ei veke med voldsomt regnver så all fyringsved var gjennomvått, og det resulterte i at det tok lang tid før vi klarte å få i gong bålet. 











Foto: mitt eige
Etter mykje om og men tok det endeleg fyr og då var det viktig å passe på at det brant konstant heilt fram til vi skulle ha kjøttet ned i gropa. Vi lot det stå å brenne i rundt 2 timar før vi la kjøttet ned i gropa. 











Tilbreding av kjøtt varierte frå gruppe til gruppe i og med at så og sei alle gruppene hadde forskjellig kjøtt. Mi gruppe valde marinert kalkun der vi snitta hol og stappa små bitar med kvitlauk inn i desse hola.

I gong med å fylle kalkunen med kvitlauk
Det ferdige resultatet før koking





Då vi var ferdige med tilbreding pakka vi kjøttet inn i omkring 4 lag med aluminiumsfolie og la den så ned i kokegropa etter at alle restane frå båler var tatt ut. Deretter pakka vi i saman kokegropa med den torva vi hadde gravd ut og forsikra oss om at det vart heilt tett før vi gikk i frå den.

Etter omlag 1 1/2 time var kalkunen ferdig koka og klar til å bli ete. Det smaka verkeleg heilt fantastisk!


Kjelder:
Fooladi, Erik. (2009) Historien bak kokegropene, Tilgjengeleg frå:
http://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1212412&within_tid=1188274

Løvøy, M., & Folladi, E. Hvordan lager vi ei kokegrop i dag?. Tilgjengeleg frå: http://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=1234129&within_tid=1188274 


onsdag 19. november 2014

Bre - ein ny verden

Å vandre på bre? Det kan då ikkje vere så vanskeleg. Det var ein av mine fyrste tankar då me sette kursen mot Jostedalen og Jostedalsbreen. Å vandre på breen i seg sjølv er ikkje så alt for vanskeleg, men det er mykje ein skal kunne for å ferdast praktisk og trygt på ein isbre.

Målet for turen var å lære å ferde trygt på bre, lære knutar, stegjernteknikk, samt korleis ein skal løyse ulike situasjonar. Ein av dagane lærte me korleis ein utfører ein redningsaksjon på bre, og det er det tema eg har vald å gå meir inn på.


KAMERATREDNING PÅ BRE

Fotot: mitt eige

Den eine dagen var tema kameratredning. Denne dagen bruka vi til å bli senka ned i ein sprekk for så å bli redda opp igjen. Som Haslene (2008) skriv: "Vi er mindre kreative i situasjoner som er preget av stress. Derfor er det viktig å trene på redning før ulykken er ute slik at man har erfaring nok til å løse en uforutsett hendelse." (Haslene, 2008, s. 139)
Kameratredning på bre er noko ein aldri får trena nok på. Så dette var ein svært lærerik og morosam dag.


Ved redning på bre kan ein kome bort i to ulike situasjonar - bre med eller utan snø. Vi lærte redning på bre utan snø og gikk i taulag på rundt 4-5 personar. Det som er viktig når ein er på bre er å alltid ha to taug i kvart taulag. Den som går fyrst i taulaget skal aldri ha det tauget som er til overs, det skal helst vere den som går seist som har ansvaret for dette.

Det fyrste ein må gjere når ein person har falt ned i ein sprekk er å varsle resten av taulaget om situasjonen slik at den som står med reservetauget kan byrje å gjere det klart. Deretter er det viktig å få avlasta tauget så fort som mogleg og dette gjer ein ved å setje ned ein isskrue. I denne isskruen skal ein feste ein karabin med ein klemknuteslynge i. Klemknuten festas så til tauget som går ned til personen i sprekken, og tauget er no avlasta. (Haslene, 2008)

Foto: Sine Riis Dammeyer
Det neste steget no er å få kontakt med personen som er nede i bresprekken. Her vil ein feste ein ny klemknute til "hovudtauget" for så å feste den  til ei 120cm slynge som igjen vert festa til ein karabin du har i sentralløkka. Etter at ein er sikra, kan ein binde seg ut i frå taulaget og gå fram på kanten for å få kontakt samtidig som ein er sikra for å ikkje dett ned i sprekke sjølv. Når ein har fått kontakt med personen skal ein byrje sjølve redninga. Neste steg er då ved hjelp av reservetauget. (Haslene, 2008)


Foto: Sine Riis Dammeyer
I enden av reservetauget vert det laga ein dobbel åttetallsknute som vert festa til isskruen med ein ny skrukarabin. Dette tauget skal gå ned til personen for å heise han opp igjen, så i tauget som vert ført ned festar vi ein skrukarabin som skal festast i sentralløkka på den som er nede i sprekken. Når ein har fått bekreftelse frå sprekke om at tauget er festa så fører ein den resterande delen av tauget bakover for å få hjelp til å dra opp personen.

For at oppheisinga skal bli så enkel som mogleg skal den personen som er nede i sprekken bruke klemknuten han har til å avlaste tauget etterkvart som har vert dratt opp av sprekken.
(Haslene, 2008)

Den type talje som ein brukar for å heise personen opp av sprekken kallast for ei hjelpetalje eller 1:2 talje. Formålet med å bruke talje ved redning på bre er rett og slett for å forminske tyngda på den ein skal dra opp. Ei 1:2 talje vil doble mengden taug ein må dra inn, men den vil halvere vekta ein må løfte opp.
(Haslene, 2008)

Dobbel åttetallsknute
Hjelpetalje
Klemknute


















Kjelder:

Haslene, S. (2008) Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.

Bildekjelder:

Hjelpetalja:
http://www.fjellforum.no/topic/4274-1316-talje/