fredag 8. januar 2016

Vegleiartur med B1 og B2

Årets vegleiartur sto for tur og denne gongen var det me i B3 som hadde ansvaret for både planlegging og gjennomføring av turen saman med ein liten gjeng frå B1 og B2. Eg og Jørgen var på gruppe for denne turen hadde meg oss ei fantastisk gruppe menneske som gjorde det til ei veldig god oppleving for oss. Detta var fyrste turen eg nokon gong har hatt ansvar for utan egen vegleiar, så dette var ein veldig god fyrste gong oppleving for min del. Som vegleiar er det mykje ein har ansvar for når ein skal ha med seg ei gruppe på tur. Alt frå etablering av leir, vegleiing, til bålbygging. Når ein skal vere ute i tre dagar på hausten er det viktig å få i gang bål for å kunne lage mat og for å halde varmen, samtidig er det ei viktig kjelde til sosialisering med gruppa på kveldane. I dette innlegget skal eg ta føre meg korleis ein bygger eit godt og trygt bål.

Bilete: mitt eige




BÅL
1. Eigna plass 
Kor ein vel å tenne bålet er viktig i forhold til skade på underlag og fare for at det kan ta fyr utanfor bålet dersom det er tørt når ein fyrar bål. I tillegg bør ein tenke på kor bålet står i forhold til ver og vind, spesielt dersom bålet skal vare lenge. Kva type bål ein vel å fyre kjem ann på når på året ein skal lage det og kva formål det er til (DNT, 2006).

2. Tennved 
Når ein skal fyre bål seier det seg sjølv at ein må ha tørr ved og ein plass ein finn mykje fin tørr ved er nederst på stamma til grana til dømes. I tillegg fungerer bjørkeneveren veldig godt til opptenning (DNT, 2006).

3. Får flammene oksygen? 
Bilete: mitt eige
For å få start vil ein starte med å legge neveren frå bjørka i botn av bålet etterfulgt av mindre kvistar oppå. Dette er rett og slett forde never og mindre kvistar fortare tar fyr enn store kubbar. Når ein har fått fart på flammene kan ein legge på større kvistar og greiner for å halde det gåande. Under oppfyringsfasa er det viktig at bålet alltid for oksygen så det er viktig å blåse på glørne. Det er også viktig å tenke på at bålet må få luft heile tida, at ikkje veden ligg så tett at det kveler flammene på grunn av oksygenmangel (DNT, 2006). 

4. Før ein reiser i frå bålet
Ein skal ALDRI reise frå eit bål som er i live. På vinteren kan ein bruke snø for å dekke over noko som vil kvele bålet, men resten av året når ein ikkje har snøen er det viktig å la det brenne seg ferdig og deretter tømme på vatn for å slukke det. Når ein er på tur er det også viktig å tenke på sporlaus ferdsel, så ein vil rydde vekk eventuell ved som ikkje er brukt og dekke til bålplassen så godt ein klarer (DNT, 2006). 

Kjelder:
Den Norske Turistforening. (2006). Slik tenner du bål. Henta 08.01.16, frå: http://www2.turistforeningen.no/article.php?ar_id=6783&fo_id=3308















fredag 1. januar 2016

Klatretur til Correns i Frankrike

12. oktober var det tid for kanskje studiets høgdepunkt, nemleg klatreturen til Correns, sør i Frankrike. All klatreundervisning som me har hatt tidlegare i haust, har vore trening fram mot denne turen kor vi verkeleg fikk utvikla oss på teknikk i sjølve klatringa, og på det å bli trygge i forhold til sikring. Turen gikk over 10 dagar kor vi hadde eit par utflukter som ei lita pause frå klatringa. Men store delar av turen gikk til klatring sidan dette var grunne til at vi reiste hit. Klatring er ein aktivitet som absolutt er risikofylt, og sikkerheten er veldig viktig for at det skal kunne gjennomførast, då spesielt i og med at det er i skulesamanheng. Før ein set i gong med klatringa er det viktig å gjennomføre ein kameratsjekk som eg skal ta føre meg i dette innlegget.


KAMERATSJEKK

"Kameratsjekken er et virkemiddel for å fange opp feil før det er for seint" (Tronstad, 2005, s. 156). Denne sjekken er den viktigaste sikkerheten vi har mot eventuell konsentrasjonssvikt og liknande. Den er med andre ord livsviktig. Når ein har klatra ein stund skjer ting automatisk og ein tenker ikkje over kva ein gjer når ein bind seg inn i tauget eller trer tauget inn i taubremsen, og det kan derfor oppstå feil som ein ikkje er klar over, og dette er grunnen til at ein har kameratsjekk, for å hindre at slike feil ikkje blir gjort noko med. Men kva er eigentleg kameratsjekk? Både klatraren og sikraren ulike måtar å binde seg inn i tauget på og begge skal derfor sjekke kvarandre for å sjå at alt er gjort riktig. Tronstad (2005) har ført opp nokre punkt som viser det som skal sjekkast i ein kameratsjekk (Tronstad, 2005):
Bilde: Tatt frå Innføring i Klatring (Tronstad, 2005)
  • Selen er tatt på på riktig måte, og alle spenner er stramma slik at selen sitter godt over hofta og rundt låra. 
  • Innbindingsknuten (åttetallsknute) er tredd rektig og festa på rektig plass på selen.
  • Taugbremsen til sikraren er rektig tredd og festa rektig. 
  • Sikrarens skrukarabin er skrudd igjen.
  • Viss aktuelt: standplass er rektig og godt nok forankra, og ein er rektig innkopla. 



Etter ein har sett over kan ein godt nappe litt i tauget for å sjå at alt er på plass. Kameratsjekken er det viktigaste ein gjer under klatringa for å oppretthalde sikkereheten i klatreveggen. Ein feil i kameratsjekken kan ha fatale konsekvensar. Ein bruker vanlegvis ikkje lang tid på denne sjekken, det treng kun eit blikkfang og eit frag i tauget for å sjå at alt stemmer, men den skal ALLTID gjennomførast før kvar einaste runde (Tronstad, 2005). 

Kjelder: 
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akilles.

lørdag 19. desember 2015

Klatring på Kvam

Eit av dei artigaste faga vi har vore igjennom i haust, er klatring kor vi har lært alt det grunnleggande i forhold til topptaugfeste, klatring på led, sikring, rappelering og vi har og blitt introdusert for naturlig sikring. Det har vore eit svært lærerikt fag, kor dei fleste har utvikla seg utruleg mykje. Eg for min del har klatra ein del før vi starta med dette kurset, så det som bvar nytt og spennande for meg var rappellfeste.

RAPPELLFESTE

Eit rappellfeste er på mange måtar mykje likt som eit topptaugfeste ved at tauget skal leggjast dobbelt gjennom og skal vere mogleg å trekke ned etterpå. Eit rappellfeste kan lagast som eit topptaugfeste, men det er og nokre andre faktorar som er gjeldande for denne type feste:
  • Bør bli laga slik at det er enkelt å kome seg utfor kanten der ein skal rappellere ned
  • Må ikkje vere plassera slik at det kan sette seg fast når ein skal ta det ned
Bilete tatt frå boka Innføring i klatring av Stein Tronstad (2005)

Krav for festet er at det skal stå litt høgt og skal kunne ta i mot drag både utover og nedover. På grunn av at tauget vil bevege seg ein del under rappellen er det VELDIG viktig at festet er stabilt. Forankringane skal samlast og utlignast, som ved eit normalt topptaugfeste, ved hjelp av slynger. Slynga sentrerast med ein åttetallsknut eller overhåndsknut (alt etter kor mykje slynge ein har). Dersom rappellfestet skal brukast gjentatte gonger (som vi gjorde på Kvam) vil ein bruke to karabinere i senterpunktet. Men ein rappell er somregel til "eingongsbruk" og blir somregel brukt dersom ein må snu i ei rute, og det vil då ikkje vere nødvendig å henge igjen karabinere. Ein kan derfor tre tauget direkte igjennom senterløkka i slynga (Tronstad, 2005).




Det er strenge krav til både rappellfeste, topptaugfeste og standplassar:
  • Forankringspunkta skal vere 100% sikre
  • Feste skal bestå av minimum to ulike forankringar 
  • Forankringa skal vere utligna slik at alle vert belasta like mykje
  • Innfestingspunktet skal vere stabilt slik at det ikkje vert rykkbelastning dersom ein forankring skulle ryke
  • Festet skal klare belastning i alle retningar. 
 (Tronstad, 2005) 

Kjelder:
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akilles. 


Kystfriluftsliv i Solund

Fyrste turen for året gikk til Solund kor vi skulle lære om kystfriluftsliv. Vi var innom blant robåt, seglbåt og havkajakk som hovudaktivitetane på denne turen. Dagane med havkajakk resulterte i eit grunnkurs HAV, så vi lærte det mest grunnleggjande i forhold til ulike åretak og maøvrering av kajakken. I tillegg lærte vi ulike redningsmetodar og kameratredning, noko som er svært viktig å kunne. Ein av metodane vi lærte var cowboyredning.

Bilete henta frå google.com


COWBOYREDNING
Etter eit velt er det viktig å halde fast på både åre og kajakk. Ettersom det kanskje er størst sannsynlighet for å velte når det er bølger og vind, vil det vere stor sjanse for at både åre og kjakk kan blå bort frå deg. Det fyrste ein vil gjere er å tømme kajakken for vatn. Det gjer ein ved å gå fram til tuppen av kajakken og løfte den opp så den blir tømt. For å ha kontroll på åra er det lurt å legge den under låret (padlesiden.no). 

Når du har tømt ut så mykje vatn som mogleg er neste fase å snu kajakken. Dette er litt vanskeleg å få til, men med litt øving får ein det til. Når kajakken er snudd tar ein med seg åra og går til den bakerste luka. Nå er oppgåva å kome seg opp i kajakken igjen. Det gjer ein ved å legge seg på magen over bakre del av båten. Deretter må ein plassere beina på kvar si side av båten. Så er det bare å smyge seg fram mot cockpiten (som er hovudrommet kor ein sit). Det er lurt å prøve å halde eit så lågt tyngdepunkt som mogleg for å unngå ny velt (padlesiden.no). 

Når ein er framme ved cockpiten må ein sette seg med rumpa ned fyrst, for så å prøve å lirke beina ned utan å velte. Det kan vere ein idé å bruke åra som støtte når ein gjer dette i og med at det er denne fasa det er størst sannsylighet for å velte på nytt. Etter at ein er tilbake i utgangsstilling er det kun igjen å ta på spruttrekket, så er ein klar (padlesiden.no). 


Kjelder:
Padlesiden.no. (2011). Cowboyredning. Hentet fra: http://www.padlesiden.no/cowboyredning/

Bilete:
https://www.google.no/search?q=cowboyredning&espv=2&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&biw=568&bih=637&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0ahUKEwii8Nyd-efJAhXGwHIKHatBBAoQ_AUIBigB#imgrc=PQsSzGxJaAIqjM%3A


tirsdag 26. mai 2015

Skitur på Jostedalsbreen


Foto: mitt eige


Seiste turen for i år var skitur på Jostedalsbreen eller "Josten på langs" som den óg blir kalla. Turen gikk over tre dagar, 19-21.mai. Vi hadde rundt 4-5 lange mil framfor oss så vi visste det kom til å bli ein lang og hard tur. På grunn av veldig uheldig vér så gikk vi i whiteout heile turen, bortsett i frå seiste dag der vi hadde skiftande sikt. Eit av tema for turen var praktisk bruk av GPS, og når ein går i så dårleg vér kan ein ikkje lenger stole blindt på kart og kompass. På grunn av det dårlege véret vi blei utsett for, brukte vi GPS'en flitting for å vere på den sikre sida. I dette innlegget skal eg ta føre meg bruk av GPS og korleis ein bruker dette i tillegg til kart og kompass.

Bilde frå google
Som Horgen (2010) seier: "Etter min mening kan eg GPS bare supplerer bruken av kart og kompass, og ikke erstatte den. Å for eksempel basere seg ene og alene på GPS, på lange turer i vinterfjellet, er etter min mening en villfarelse." (Horgen, 2010, s. 189). Ein skal ikkje bare basere seg på GPS men óg ta ut kompasskurs og heile tida følge med på karter kor ein er for å ha ein back-up. I forhold til det å vere på tur i dårleg sikt kan det vere ein idé og dra nytte av ein funksjon på GPS'en som går på å lagre vegmerker. Det kan vere ein idé å lagre vegmerke til plassar der det er viktig at ein treffer riktig, til dømes ved nedgang frå bre. I forhold til dårleg sikt og dersom ein ikkje veilt heilt kor ein skal for å finne leirplass kan ein velge "gå-til" funksjonen så lenge ein frå før har markert det området kor ein skal slå leir (Horgen, 2010, s. 189-190).


Bilde frå google
I forhold til det å bruke GPS så er det viktig at ein har lagt inn koordinatane på førehand. I planlegging av dagsetappa vil ein finne punkt på kartet kor ein tenker å ha dei ulike pausene og til slutt kor ein skal slå leir. Det å legge inn koordinatane til dei ulike stoppepunkta er gjeldande for å kunne bruke GPS'en som ein "vegvisar" i dårleg sikt. Ein GPS krev til saman 14 siffer, for både den austlige og nordlige kilometertura, når ein skal legge inn koordinatane (Horgen, 2010, s. 190).

Feilen mange gjer med hensyn til bruk av GPS er rett og slett å ikkje setje seg godt nok inn i korleis ein bruker den eller ikkje har riktig innstilling før ein tar den i bruk. For det fyrste er det svært viktig at innstillingane på GPS'en er i samsvar med kartet. I og med at ein på eit kart kun har sekssifra rutetilvisning, er det viktig at ein veit kva tal ein skal lese av på ein GPS for å finne det igjen på kartet (Horgen, 2010, s. 190).


Kjelde:

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget

Bildekjelde:

GPS:
https://www.google.no/search?q=GPS&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=765&bih=665&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=xUhkVau1JIi67gbQiYLYAw&ved=0CAYQ_AUoAQ#tbm=isch&q=gps+&imgrc=Ux9js9mWfvOWyM%253A%3BvcvceqLF4bEjxM%3Bhttp%253A%252F%252Fhikinglady.com%252Fwp-content%252Fuploads%252F2009%252F12%252FOutdoor-GPS-Unit1-e1266799970649.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fhikinglady.com%252Fthe-gear%252Fgps-units%252F%3B298%3B431

Kart og kompass:
https://www.google.no/search?q=gps+kan+ikke+erstatte+kart+og+kompass&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=765&bih=627&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=iUlkVcazFaPXyQPnkoF4&ved=0CAYQ_AUoAQ#imgrc=8ofrDoZu61d1sM%253A%3B1NLzI-YA8QYx9M%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.krop.no%252Fwp-content%252Fuploads%252F2010%252F02%252FKart-og-kompass-236x300.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.krop.no%252F%253Fpage_id%253D372%3B236%3B300


Hurrungane


Foto: mitt eige


6. mai reiste B2 Friluftsliv på tur til Hurrungane kor vi skulle bli i tre dagar for å lære sporval på veg opp og køyremønster på veg ned igjen frå topptur. I tillegg hadde vi tre ulike stasjonar med orientering, kameratredning på snødekt bre og ulike teknikkar med og utan ski på beina i bratt terreng. I dette innlegget skal eg ta føre meg kameratredning på snødekt bre i og med at dette er noko som var ganske nytt for meg då me hadde det der.

Kameratredning på snødekt bre og på blåis bygger på dei same prinsippa, men har ulike forutsetningar. Forskjellen er at ein på snødekt bre ikkje kan bruke isskrue som snøanker. Redning på snø er ein del meir krevjande og omfattande enn på blåis forde at tauget kan skjære seg ned i ei snøleppe nokon som vil gjere sjølve heisinga i redninga mykje meir krevjande. På grunn av dette må vi på snødekt bre bruke noko som vil hindre at tuget grev seg ned. Dersom ein person skulle dette ned i ein sprekk blir vi nødt til å avlaste tauget på same måte som om vi er på blåis, forskjellen er at vi ikkje kan bruke isskrue, men vi tar heller i bruk eit søanker. Ein kan bruke utruleg mykje forskjellig som snøanker, det er kun fantasien som set stoppar for dette.

Bilde: Illustrasjon, Haslene, 2011
Når vi hadde redning brukte vi isøks som snøanker (Haslene, 2011, s. 140). Ved bruk av eit anker må ein grave eit djupt og smalt spor der ein legg ankeret ned i, rundt ankeret (isøksa i vårt tillfelle) festar ein ei slynge rundt så den ligg ca midt på ankeret. Deretter tar ein å grev ei lita renne for tauget. Det er viktig å tråkke ankeret så langt ned som mogleg og dekke godt igjen med snø for at det skal henge (DNT fjellsport Oslo,





Kjelder:

Bell, R. og Gunnestad, S. (2009). Metodesett. Oslo: DNT Fjellsport Oslo.

Haslene, S. (2011). Breboka, håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.

Bildekjelder:

Illustrasjon på snøanker:
https://www.google.no/search?q=kameratredning+p%C3%A5+sn%C3%B8dekt+bre&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=765&bih=627&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=pFBkVbGNKsn9ywOOr4G4AQ&ved=0CAcQ_AUoAg#tbm=isch&q=sn%C3%B8anker&imgrc=gFpHDQ8P81w6BM%253A%3BMwCMYKrnTIVYAM%3Bhttp%253A%252F%252F4.bp.blogspot.com%252F-UToihIWMgiU%252FT64lRKZppWI%252FAAAAAAAAALY%252FnrCFcBCC9nw%252Fs1600%252FPICT0239.JPG%3Bhttp%253A%252F%252Ffagbloggifriluftslivfortale.blogspot.com%252F%3B1600%3B1200





Tur i Vigdalen

Så var det duka for tur med éi overnatting i Vigdalen der vi skulle på topptur fyrste dagen og ha kameratredning i snøskred andre dagen. Eg har vald å ta for meg kameratredninga i snøskred i dette innlegget.

KAMERATREDNING I SNØSKRED




Å ha kontroll på prosedyra for kameratredning i snøskred er svært viktig dersom ein er ein ivrig turgåar. Den dagen vi hadde kameratredning så blei vi delt inn i to grupper der vi laga ulike caseoppgaver for kvarandre. Alle caseoppgavene la tilrette for at vi måtte ta heile prosedyra for oss både med behandling av vitne og leiting etter fleire skredtatte. I og med at ein bør/skal ha med seg s/m på tur, så vil eg ta for meg korleis ein gjennomfører kameratredning med sendar/mottakar.


Bilde frå google
Dersom ein greier å få med seg medrivningspunktet og/eller forsvinningspunktet så har ein fått ein god start i og med at då veit ein kor ein skal starte å leite. Det fyrste som skjer er at ein i gruppa må ta kontrollen og deligerer oppgåver til dei andre, dette for at leiteaksjonen skal bli aller mest effektiv og strukturert. Etter ein har fordelt oppgåver skal ein sikre området, er det fare for fleire skred? Det er viktig å tenke på eigen sikkerhet før ein hiv seg ut å begynner leitinga. Før ein går inn i skredet er det viktig at alle set sin einhet på søk slik at ein ikkje får inn signalet til andre som er med i leitinga (Horgen, 2010, s. 296-297).


Fyrste del av søket er grovsøk der ein jobbar for å få signal. Her kan ein kombinere signalsøket og overflatesøket for å gjer det mest effektivt. Signalsøket gjer ein ved å føre sendar/mottakaren i dei ulike plana for å få inn signalet til den skredtatte. Dette gjer ein ved å halde mottakaren oppe ved øyra samtidig som ein går å ser etter gjenstandar på overflata. Så fort ein har fått signal vil ein halde mottakaren vassrett framfor seg og følge signala som ein har fått. Displayet på einheten viser kor nære ein er den skredtatte og kva retning ein skal gå. I grovsøket vil ein bevege seg relativt fort for å komme så nære som mogleg så fort som mogleg. Når einheten viser at ein er 2-3 meter i frå går ein over på finsøk (Horgen, 2012, s. 306-307).

Finsøket er den meir nøyaktige delen av søket. Då har ein mottakaren rett over snøoverflata. Her vil ein føre einheten sakte i ei vassrett linje rett fram og ut til sidene utan å endre retning og posisjon på mottakaren. Det å endre retning er ein feil mange gjer, og dette gjer at ein kanskje mister signalet og søket blir unøyaktig. Ved å bevege einheten sakte gjer at mottakaren rekk å registrere signalet og ein går fram heilt til ein har sterkast signal. For å vere sikker på at ein har truffe området med sterkast signal vil ein gå forbi heilt til signalet blir svakare igjen, deretter vil ein gå ut til sidene frå der signalet er sterkast. Når ein har funne området tar ein fram søkestanga for å lokalisere den skredtatte, ved treff med søkestanga startar ein prosedyra for utgraving (Horgen, 2010, s. 310).

Bilde frå google
Ved lokalisering av den skredtatta er det rett på utgraving. Søkestanga viser kor djupt personen ligg og det igjen viser kor ein skal starte å grave. Ein vil alltid starte nedanfor skredofferet forde det er enklare å grave inn til den skredtatte enn å grave rett ned, dessutan vil ein ikkje stå opppå den skredtatte meir enn nødvendig i og med at dette kan føre til panikk og ein kan trampe igjen luftlommene den skredtatte kanskje har (Horgen, 2010, s. 303). Ligg personen 1 meter djupt vil ein gå omlag 1,5 meter nedanfor for å starte å grave. Start utgravinga med å fjerna blokkar slik at ein får ei breid grop å starte med. Det mest effektive er å vere fleire som grev saman, og det er ulike metodar for utgraving. Eit eksempel er at ein sit skulder mot skulder og hiv snøen bak seg der det igjen står folk bak og hiv lenger bak. Ein slags vifteformasjon (Nes, 2013, s.94-98).

Så fort ein har fått personen ut av snøen er det viktig å setje igong tiltak for førstehjelp. Det kan vere personen ikkje var nedkjøldt når den låg under snøen, men så fort den kjem ut i vind og vér kan den fort bli nedkjødt. Ein har sjølvsagt kontakta hjelpepersonell heilt i starten av leiteaksjonen, men før dei kjem vil ein gjere alt for å halde personen komfortabel (Nes, 2013, s. 98).

Kjelder:

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Nes, C.L. (2013). Skikompis, snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja forlag og Friluftsrådet for Ålesund og omland.

Bildekjelde:

Forsvinningspunkt:
https://www.google.no/search?q=kameratredning+sn%C3%B8skred&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=769&bih=627&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=giNkVd3cI8uBUc-igdAC&ved=0CAcQ_AUoAg&dpr=1.1#imgrc=7QqD4SgZ-m29nM%253A%3BcSkRdx-ylHDqnM%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.ngi.no%252Fupload%252FSn%2525C3%2525B8skred%252FDiv_for%252520gjennbruk%252Fsoking_i_skred_1.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.ngi.no%252Fno%252Fsnoskred%252FLar-om-snoskred%252FKameratredning---din-eneste-mulighet-hvis-ulykken-er-ute%252F%3B590%3B481

Utgraving:
https://www.google.no/search?q=kameratredning+sn%C3%B8skred&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=769&bih=667&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=giNkVd3cI8uBUc-igdAC&ved=0CAcQ_AUoAg#imgrc=eSruPKDBTOB6NM%253A%3BszQIHBg7ZpLEgM%3Bhttp%253A%252F%252Fgfx.nrk.no%252F%252F4kQmBuTLaQ87ZNpcn1Y6zg7BYyhkiRl6ZRQjOv8RGsvQ%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.nrk.no%252Fmr%252Fskal-grave-raskere-1.5140897%3B350%3B467