tirsdag 26. mai 2015

Tur i Vigdalen

Så var det duka for tur med éi overnatting i Vigdalen der vi skulle på topptur fyrste dagen og ha kameratredning i snøskred andre dagen. Eg har vald å ta for meg kameratredninga i snøskred i dette innlegget.

KAMERATREDNING I SNØSKRED




Å ha kontroll på prosedyra for kameratredning i snøskred er svært viktig dersom ein er ein ivrig turgåar. Den dagen vi hadde kameratredning så blei vi delt inn i to grupper der vi laga ulike caseoppgaver for kvarandre. Alle caseoppgavene la tilrette for at vi måtte ta heile prosedyra for oss både med behandling av vitne og leiting etter fleire skredtatte. I og med at ein bør/skal ha med seg s/m på tur, så vil eg ta for meg korleis ein gjennomfører kameratredning med sendar/mottakar.


Bilde frå google
Dersom ein greier å få med seg medrivningspunktet og/eller forsvinningspunktet så har ein fått ein god start i og med at då veit ein kor ein skal starte å leite. Det fyrste som skjer er at ein i gruppa må ta kontrollen og deligerer oppgåver til dei andre, dette for at leiteaksjonen skal bli aller mest effektiv og strukturert. Etter ein har fordelt oppgåver skal ein sikre området, er det fare for fleire skred? Det er viktig å tenke på eigen sikkerhet før ein hiv seg ut å begynner leitinga. Før ein går inn i skredet er det viktig at alle set sin einhet på søk slik at ein ikkje får inn signalet til andre som er med i leitinga (Horgen, 2010, s. 296-297).


Fyrste del av søket er grovsøk der ein jobbar for å få signal. Her kan ein kombinere signalsøket og overflatesøket for å gjer det mest effektivt. Signalsøket gjer ein ved å føre sendar/mottakaren i dei ulike plana for å få inn signalet til den skredtatte. Dette gjer ein ved å halde mottakaren oppe ved øyra samtidig som ein går å ser etter gjenstandar på overflata. Så fort ein har fått signal vil ein halde mottakaren vassrett framfor seg og følge signala som ein har fått. Displayet på einheten viser kor nære ein er den skredtatte og kva retning ein skal gå. I grovsøket vil ein bevege seg relativt fort for å komme så nære som mogleg så fort som mogleg. Når einheten viser at ein er 2-3 meter i frå går ein over på finsøk (Horgen, 2012, s. 306-307).

Finsøket er den meir nøyaktige delen av søket. Då har ein mottakaren rett over snøoverflata. Her vil ein føre einheten sakte i ei vassrett linje rett fram og ut til sidene utan å endre retning og posisjon på mottakaren. Det å endre retning er ein feil mange gjer, og dette gjer at ein kanskje mister signalet og søket blir unøyaktig. Ved å bevege einheten sakte gjer at mottakaren rekk å registrere signalet og ein går fram heilt til ein har sterkast signal. For å vere sikker på at ein har truffe området med sterkast signal vil ein gå forbi heilt til signalet blir svakare igjen, deretter vil ein gå ut til sidene frå der signalet er sterkast. Når ein har funne området tar ein fram søkestanga for å lokalisere den skredtatte, ved treff med søkestanga startar ein prosedyra for utgraving (Horgen, 2010, s. 310).

Bilde frå google
Ved lokalisering av den skredtatta er det rett på utgraving. Søkestanga viser kor djupt personen ligg og det igjen viser kor ein skal starte å grave. Ein vil alltid starte nedanfor skredofferet forde det er enklare å grave inn til den skredtatte enn å grave rett ned, dessutan vil ein ikkje stå opppå den skredtatte meir enn nødvendig i og med at dette kan føre til panikk og ein kan trampe igjen luftlommene den skredtatte kanskje har (Horgen, 2010, s. 303). Ligg personen 1 meter djupt vil ein gå omlag 1,5 meter nedanfor for å starte å grave. Start utgravinga med å fjerna blokkar slik at ein får ei breid grop å starte med. Det mest effektive er å vere fleire som grev saman, og det er ulike metodar for utgraving. Eit eksempel er at ein sit skulder mot skulder og hiv snøen bak seg der det igjen står folk bak og hiv lenger bak. Ein slags vifteformasjon (Nes, 2013, s.94-98).

Så fort ein har fått personen ut av snøen er det viktig å setje igong tiltak for førstehjelp. Det kan vere personen ikkje var nedkjøldt når den låg under snøen, men så fort den kjem ut i vind og vér kan den fort bli nedkjødt. Ein har sjølvsagt kontakta hjelpepersonell heilt i starten av leiteaksjonen, men før dei kjem vil ein gjere alt for å halde personen komfortabel (Nes, 2013, s. 98).

Kjelder:

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Nes, C.L. (2013). Skikompis, snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja forlag og Friluftsrådet for Ålesund og omland.

Bildekjelde:

Forsvinningspunkt:
https://www.google.no/search?q=kameratredning+sn%C3%B8skred&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=769&bih=627&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=giNkVd3cI8uBUc-igdAC&ved=0CAcQ_AUoAg&dpr=1.1#imgrc=7QqD4SgZ-m29nM%253A%3BcSkRdx-ylHDqnM%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.ngi.no%252Fupload%252FSn%2525C3%2525B8skred%252FDiv_for%252520gjennbruk%252Fsoking_i_skred_1.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.ngi.no%252Fno%252Fsnoskred%252FLar-om-snoskred%252FKameratredning---din-eneste-mulighet-hvis-ulykken-er-ute%252F%3B590%3B481

Utgraving:
https://www.google.no/search?q=kameratredning+sn%C3%B8skred&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=769&bih=667&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=giNkVd3cI8uBUc-igdAC&ved=0CAcQ_AUoAg#imgrc=eSruPKDBTOB6NM%253A%3BszQIHBg7ZpLEgM%3Bhttp%253A%252F%252Fgfx.nrk.no%252F%252F4kQmBuTLaQ87ZNpcn1Y6zg7BYyhkiRl6ZRQjOv8RGsvQ%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.nrk.no%252Fmr%252Fskal-grave-raskere-1.5140897%3B350%3B467





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar