SNØSTABILITETSTEST
Når det gjeld stabilitetstest så er det ikkje bare ein måte ein kan grave den på, vi har fleire forskjellige. Eg skal ta for meg fire ulike metodar.
Det å grave ein snøprofil vil seie å grave eit snitt i snødekket for å kunne lese av dei ulike snølaga mellom bakken og overflata for å kunne seie noko om stabiliteten. Ein snøprofil skal gravast over tregrensa og ein bør finne ein testplass som er så lik som mogleg på det området ein har tenkt å køyre ned med tanke på bratthet og himmelretning. Når ein skal gjennomføre ein stabilitetstest må henget vere minimum 30 grader, men for at det skal vere trygt må ikkje henget vere meir enn 5 meter høgt for å unngå skredfarlige situasjonar (Horgen, 2010, s. 215).
SNØPROFIL
![]() |
Bilde frå google |
![]() |
Bilde frå google |
SPADEPRØVA
Snøprofilen viste oss lagdelinga i snøen, men for å skjønne korleis glidesjiktet fungerer i praksis er vel vi å bruke ulike stabilitetstestar for å trigge dei svake laga i snøen. Den fyrste er spadeprøva som utførast på fylgjande måte: Grav ei søyle som ein frigjer i begge kantane og bak ved hjelp av til dømes ei snøsag. Så set ein ein spade loddrett i bakken i bakkant. Dersom det ikkje skjer noko når ein set det ned i snøen kan ein sakte begynne å dra skaftet mot seg. Dersom det er eit svakt lag vil blokka skli ut når dette svake laget ikkje lenger klarer å halde igjen dei kreftene som blir lagt på snødekket (Horgen, 2010, s. 219).
RUTSJBLOKK-METODEN
![]() |
Bilde frå google |
- Ved utskjering, ingen tilleggsbelastning
- Når ein skiløpar forsiktig beveger seg inn på blokka
- Skiløparen gjer ein gyngande bevegelse utan å løfte hæl eller ski
- Skiløparen hoppar ein gong og landar sama stad
- Skiløparen hoppar ein gong til på sama stad
- Hopp utan ski på sama stad
- Ingen av dei foregåande trinna forårsaka reint brudda
![]() |
Bilde frå google |
KLAPPTESTEN
Klapptesten gjennomførast på ei søyle som er omlag 25x25 cm. Det same gjeld her som med dei andre testane, ein må frigjera søyla både på sidene og bak. Så tar ein å belastar profilen ved å slå med flat spade og aukar gradvis belastninga til det går eit brudd i snølaga. Denne testen gir oss ein peikepinne på kor dei svake laga befinn seg akkurat der testen blir tatt og kor svake dei er.
Ved bruk av dei ulike stabilitetstestane er det viktig å sei til den gruppa ein har med seg at dei ulike testane ikkje kan brukast for å fastslå stabiliteten i snødekket 100% (Horgen, 2010, s. 222).
Kjelder:
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Bildekjelder:
Klapptest:
https://www.google.no/search?q=rutsjblokk-metode&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=1309&bih=620&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=avJhVcC0Bar6ywPc1YIw&ved=0CAYQ_AUoAQ#tbm=isch&q=spadetest&imgrc=EkFtKfSRB6qNUM%253A%3BnKBh_SnbSUGcxM%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.fossenfriluft.no%252Fwp-content%252Fuploads%252F2014%252F07%252Fspadetest.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.fossenfriluft.no%252Fskredkurs-132-og-222%252F%3B550%3B733
https://www.google.no/search?q=rutsjblokk-metode&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=1309&bih=620&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=avJhVcC0Bar6ywPc1YIw&ved=0CAYQ_AUoAQ#tbm=isch&q=spadetest&imgrc=EkFtKfSRB6qNUM%253A%3BnKBh_SnbSUGcxM%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.fossenfriluft.no%252Fwp-content%252Fuploads%252F2014%252F07%252Fspadetest.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.fossenfriluft.no%252Fskredkurs-132-og-222%252F%3B550%3B733
Rutsjblokk-metoden:
https://www.google.no/search?q=rutsjblokk-metode&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=1309&bih=620&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=avJhVcC0Bar6ywPc1YIw&ved=0CAYQ_AUoAQ#tbm=isch&q=rutsjeblokk+sn%C3%B8&spell=1&imgrc=HfmJ794v2l6RZM%253A%3BJVz458bHwZDb7M%3Bhttps%253A%252F%252Fscontent.cdninstagram.com%252Fhphotos-xaf1%252Ft51.2885-15%252Fe15%252F10537944_443002692542459_256288605_n.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Ftagsrc.com%252Fskredkurs%3B640%3B640
Spadeprøve:
https://www.google.no/search?q=spadepr%C3%B8ve&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=1309&bih=620&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=SfJhVY_0Oci2ygP3vYGgDQ&ved=0CAcQ_AUoAg#imgrc=A0xdYrF6BUPrFM%253A%3BZv1EcbY8lEoB-M%3Bhttp%253A%252F%252Fcutc.org.nz%252Fimages%252Favalanche-pit.gif%3Bhttp%253A%252F%252Fcutc.org.nz%252Favalanche.php%3B224%3B187
Snøprofil:
https://www.google.no/search?q=sn%C3%B8profil&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=1309&bih=657&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=7vFhVfPsBYi1ygPP1oPYDw&ved=0CAYQ_AUoAQ#imgdii=9bclhtNh6ArqWM%3A%3B9bclhtNh6ArqWM%3A%3BjBwFVubV26y1MM%3A&imgrc=9bclhtNh6ArqWM%253A%3BMN7aX-n3Tg5MeM%3Bhttp%253A%252F%252Fg.api.no%252Fobscura%252FAPI%252Fimage%252Fr1%252Fescenic%252F478x1000r%252F20131021153053%252F%252Farchive%252F05146%252FSn_profil_2_5146552a.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.nordlys.no%252Fnyheter%252Farticle6934258.ece%3B478%3B317
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar