Foto: mitt eige |
ORIENTERING I DÅRLEG SIKT
![]() |
Foto: mitt eige |
Når ein legg ut på tur i vinterfjellet er det viktig å alltid vere forberedt på at veret kan bli svært dårleg, i og med at veret på vinterfjellet er utruleg skiftande. Det viktigaste ved dårleg sikt, er å ha tatt ut ein nøyaktig kompasskurs og halde den så nøyaktig som maugleg. Horgen (2010) tar opp det med å gå på kompasskurs i boka "Friluftslivsveiledning vinterstid". Her nevner han korleis ein skal gå på kompasskurs dersom sikten er redusert. Når ein som gruppe går på kompasskurs vil ein gå fremst som siktar seg fram til eit punkt i riktig marsjretning. Resten av gruppa bak skal ha kompasset i handa heile tida og korrigere den som går fyrst slik at ein held stø kurs. Den som går fyrst skal med jevne mellomrom sjå på eige kompass for å halde kursen. Dersom ein byrjar å gå ut av kurs skal dei som går bak styre ved å sei "eit steg til høgre/venstre" (Horgen, 2010, 184-185).
![]() |
Foto: mitt eige |
Ved dårleg sikt, men ein har såpass god sikt at ein ser tre, steinar, klipper og så vidare, vil den fremste personen ha noko å sikte etter. Dersom sikten er så dårleg at ein ikkje ser noko, må ein som fyrstemann stole heilt på dei bak. Når sikten er alt for dårleg til å sjå noko, må ein vurdere om det er trygt å gå vidare. Ein kan vere så uheldig å gå seg utanfor skavlar, så eit alternativ kan vere å slå leir når sikten verdt for dårleg (Horgen, 2010, s. 184).
Den eine dagen var det så dårleg sikt at vi ikkje såg noko og hadde ein vore utan vegleiar hadde ein kanskje vurdert å slå leir. I og med at vi hadde med oss to erfarne vegleiarar som kjente området, så vart dette heller ei veldig lærerik orienteringsøkt for oss studentar.
Kjelder:
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget AS
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar