![]() |
Foto: mitt eige |
Veke 13, 23.3-27.3, reiste B2 Friluftsliv ut på eigenferd rundt omkring i Noregs land. Eg og gruppa mi la turen til Skarvheimen og ruta vår skulle gå langs Hallingskarvet frå Finse til Hol. Fyrste dagen hadde me strålande fint vér og kom oss frå Finse til aust enden av Lengjedalsvatnet. Her møtte vi eit forferdeleg uvér og blei liggjande vérfast i to og eit halv døgn. På grunn av full storm på utsida av teltet måtte vi tenke ekstra på korleis vi sette opp teltet og kva tiltak som kunne bli gjort for å minske vindstyrken som traff teltduken. I dette innlegget skal eg snakke kort om korleis eit telt skal bli sett opp i forhold til vinden og korleis ein bygger ein levegg som fungerer som den skal.
OPPSETT AV TELT I STERK VIND
![]() |
Foto: mitt eige |
Foto: mitt eige |
Dersom det er ekstreme forhold ute kan ein gjerne lage dobbeltmur. Då bygger ein ein levegg som står 3 meter framfor den allereie ferdige leveggen. Den fremste muren skal gjerne vere litt lågare enn den nærast teltet og den skal hjelpe med at snøføyka samlar seg mellom murane istaden for å samle seg mellom teltet og den bakerste muren (Gamme - Norges ekspedisjonsnettsted, u.å).
Foto: mitt eige. I vår tilfelle var forholda såpass at det samla seg snø rundt heile teltet sjølv om me hadde levegg to plassar rundt teltet. |
Kjelder:
Gamme - Norges ekspedisjonsnettsted. (u.å). Snømur / levegg. Henta 24.05.2015, frå: http://www.gamme.no/artikler/item/1278-sn%C3%B8mur---levegg
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar