søndag 24. mai 2015

Topptur til Svartholten

5. januar hadde vi semesterets fyrste topptur til Svartholten i Sogndalsdalen. Sidan dette var fyrste tur så gikk det mest på det grunnleggjande når ein er på tur som kameratsjekk, bruk og tilvenning av utstyr og ein gjennomgang av ALPTRUTh. I dette innlegget skal eg gå inn på korleis ein utfører ein korrekt kameratsjekk før ein legg ut på tur.

KAMERATSJEKK

 

Foto: mitt eige
Når ein skal på tur er det viktig å ha alt utstyr med seg dersom uhellet skulle vere ute, men det hjelper lite dersom det ikkje fungerer. Det er derfor vi praktiserer kameratsjekk med sendar/mottakar. Dette er ein test vi bruker for å sjå at alle greier å få inn signalet til kvarandre. Det fyrste ein sjekkar når ein slår på s/m er batterikapasiteten for å sjå at den er god nok. Når ein han s/m på send vil den ikkje bruke noko serleg med batteri, men så fort ein set den på motta i eit eventuelt søk, vil batteriet gå utruleg fort. Det er derfor ein uskreven regel at ein alltid skal ha ein batterikapasitet på 65-70% for å vere sikker (Nes, 2013, s. 102).






Foto: mitt eige
Når ein skal til med kameratsjekken så vel ein ut ein person som er testleiar. Testleiaren ber alle andre i gruppa om å setje sin s/m på søk og la den stå på det heilt til dei får ein ny beskjed, deretter set testleiaren sin s/m på send og går bort frå gruppa og ber alle om å gå forbi han éin og éin med nokon meter mellomrom. Dette er for at det skal vere tydeleg at dei får inn signalet frå testleiaren sin s/m med eit stabilt signal på omlag 1 meter og følgjer med på at avstanden aukar når han går vidare. Når alle har gått forbi ber testleiaren gruppa om å setje den på send og han på søk. Gruppa blir bedt om å stå med ca tre meters mellomrom og testleiaren går no forbi med sin s/m på søk. Når han har fått inn alle mottakarane så får han den seiste han går forbi til å sjekke at han har sett sin på send igjen (Nes, 2013, s. 103).


Etter at testen er tatt og alle har fått gyldig signal er sjekken ferdig og ein er klar for tur. 

Kjelde:
Nes, L.C. (2013). Skikompis, snøskred og trygg ferdsel. Førde: Selja forlag og Friluftsrådet for Ålesund og omegn. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar