torsdag 20. november 2014

Vegleiartur med B3

Nest seiste tur for hausten var vegleiartur med friluftslivstudentane frå 3. klasse. Turen vår gikk til området rundt Hungerhaug kor vi skulle ha leir i tre dagar. Fokuset gjekk mykje på å ha det koseleg i leiren i og med at ikkje alle kjente kvarandre på førehand. Me samarbeidde om det meste av oppgåvene som skulle bli gjort. Blant anna når det gjaldt å setje opp gapahuk.

Ein av oppgåvene som vi brukte litt tid på var å setje opp gapahuk. Det er mange måtar det kan bli gjort på, så dette er tema eg vel å ta opp i dette innlegget. Denne turen var svært regnfull og det å få sett opp gapahuken så fort som mogleg var ein prioritet.

GAPAHUK

Det er uendeleg mange måtar å setje opp ein gapahuk på, men den enklaste og beste måten er å bygge den mellom to tre. Det ein treng for å få sett opp ein gapahuk er eigentleg berre ein presenning og litt taug til å binde den fast. 
Dette var måten me byge vår gapahuk på

Når me var på tur så regna det så og sei heile tida, så eg både glømte og ville ikkje bruke telefonen så mykje for å ta bilete. Derfor har eg ikkje eigne bilete for å skrive dette innlegget. 

Det fyrste ein gjer når ein skal setje opp eingapahuk er å binde kvart hjørne av presenninga i kvar sitt tre. Deretter vil ein strekke den ut så mykje ein kan for så å forankre presenninga i bakken. For å gjere gapahuken endå meir stabil kan ein også leggje ein stokk heilt nederst på presenninga slik at den skal ligge i ro ved eventuell vind. 
(Bendix, u.å)


Den fyrste natta under gapahuken så løsna presenninga frå det eine treet så vi måtte setje den opp på nytt dagen etter. Erfaringar me gjorde oss var at vi blei nødt til å binde den fast endå betre og for å gjere dette har eg no lært at ein kan bruke dobbel halvstikk for at tauget skal sitje godt. Det vi kunne gjort for at gapahuken skal sitje så godt som mogleg var å legge ein stokk i mellom trea som gapahuken kunne blitt festa til. Då hadde ikkje vinden fått like godt tak og den hadde truleg ikkje løsna. Dersom ein skal feste denne stokken til treet ville vi tatt i bruk vinkelsurring for å få den til å sitje så godt som mogleg. Dette er heilt klart den beste måten å gjere det på. 

Ut i frå at den løsna i det eine hjørnet, så var den ellers solid og vi vart ikkje nødt til å ta i bruk nokon andre løysingar for å gjere den betre. Den kunne heilt klart blitt gjort endå betre, men den fungerte heilt fint til den turen vi var på.

Dobbel halvstikk


Vinkelsurring





Kjelder:

Bendix, M. Skoven i skolen & Udeskole.dk. Bivuak og gapahuk. (internett) Tilgjengeleg frå: 
http://www.skoven-i-skolen.dk/content/bivuak-og-gapahuk (lest 20. november 2014)

Bilete:

Gapahuken:

Vinkelsurring:
Dobbel halvstikk:

Skogstur i Kaupanger

Seiste tur for i år var skogstur på kaupanger. På denne turen var hovudfokuset leirhygge og ulike måtar å tilbrede mat på. Vi bruka dagane på å lære korleis ein set opp gapahuk på ein god måte, tilbreding av mat i kokegrop og sjusteinsomn, og så lærte vi om ulike gamle tradisjonar som til dømes korleis ein lagar kolstift og munk (ein slags bolle). Eg hadde ikkje vore med på å lage kokegrop før så eg tok derfor på meg den jobben for å lære dette.

Nedanfor kan du lese om litt historie i fohold til kokegrop og korleis det vert utført.

KOKEGROP

Kokegrop er ein eldgamal metode å koke kjøttet på kor du graver eit hol i bakken, fyller botn og sidene med stein for så å fyre bål i gropa for at steinane skal bli varme. I Noreg har arkeologar funne groper i bakken frå tidsrommet mellom slutten av eldre steinalder og heilt fram til byrjinga av tidleg jernalder. Eit spenn på ca 4000 år. Desse gropene viser tydleg at det har vore fyrt ild ved at det er gjort funn av trekol/sot med veldig små spor av feitt frå kjøtt og liknande. Det er arkeologane som har gitt desse gropene navnet kokegrop i og med at det er tegn til at dei har vore bruka til å tilbrede mat. (Fooladi, 2009)

Den eine dagen skulle vi ha middag tilberedt i kokegrop og sidan dette er ein prosess som tar lang tid måtte vi starte tidleg med å grave gropa for å få kjøttet ned i jorda så fort som mogleg. 

Foto: mitt eige
Det fyrste vi måtte gjere var å grave gropa. Kor breid, lang og djup den skal vere varierer veldig. På naturfag.no har dei laga ei oppskrift på kokegrop og der står det at den skal vere 1 x 1,5 meter med ei djubde på 50-60 cm. Dette kan varier ut i frå kor mykje kjøtt du skal ha ned i gropa.
 (Løvøy & Fooladi, u.å)

Der vi hadde leir var det ganske vått i bakken på grunn av regn så det var vanskeleg å finne ein plass som ikkje var alt for våt. Etter vi var ferdige med å grave oppdaga vi fort at det samla seg vatn neders i gropa. Dette er noko ein helst vil unngå i og med at vatnet fort kan avkjøle steinane som må vere varme for at kjøttet skal koke. 









Foto: mitt eige
Etter vi var ferdige med å grave var det tid for å legge i stein. Det er viktig å få dekt heile botn, samt sidene med stein i og med at det er dei som skal koke kjøttet. Som du ser på bilete fant den eine gruppa ein stor stein dei kunne ha i botn.
(Løvøy & Fooladi, u.å)

Det som er aller mest gunstig er å finne nokon steinar som ikkje er alt for store og tjukke i og med at dei skal bli ordentleg varme og det vil ta mykje lenger tid dess større steinane er. 












Fotot: mitt eige
Når alle steinar var lagt ned i gropa var det tid for å få i gong bålet. Den dagane me var på skogstur var rett etter ei veke med voldsomt regnver så all fyringsved var gjennomvått, og det resulterte i at det tok lang tid før vi klarte å få i gong bålet. 











Foto: mitt eige
Etter mykje om og men tok det endeleg fyr og då var det viktig å passe på at det brant konstant heilt fram til vi skulle ha kjøttet ned i gropa. Vi lot det stå å brenne i rundt 2 timar før vi la kjøttet ned i gropa. 











Tilbreding av kjøtt varierte frå gruppe til gruppe i og med at så og sei alle gruppene hadde forskjellig kjøtt. Mi gruppe valde marinert kalkun der vi snitta hol og stappa små bitar med kvitlauk inn i desse hola.

I gong med å fylle kalkunen med kvitlauk
Det ferdige resultatet før koking





Då vi var ferdige med tilbreding pakka vi kjøttet inn i omkring 4 lag med aluminiumsfolie og la den så ned i kokegropa etter at alle restane frå båler var tatt ut. Deretter pakka vi i saman kokegropa med den torva vi hadde gravd ut og forsikra oss om at det vart heilt tett før vi gikk i frå den.

Etter omlag 1 1/2 time var kalkunen ferdig koka og klar til å bli ete. Det smaka verkeleg heilt fantastisk!


Kjelder:
Fooladi, Erik. (2009) Historien bak kokegropene, Tilgjengeleg frå:
http://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1212412&within_tid=1188274

Løvøy, M., & Folladi, E. Hvordan lager vi ei kokegrop i dag?. Tilgjengeleg frå: http://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=1234129&within_tid=1188274 


onsdag 19. november 2014

Bre - ein ny verden

Å vandre på bre? Det kan då ikkje vere så vanskeleg. Det var ein av mine fyrste tankar då me sette kursen mot Jostedalen og Jostedalsbreen. Å vandre på breen i seg sjølv er ikkje så alt for vanskeleg, men det er mykje ein skal kunne for å ferdast praktisk og trygt på ein isbre.

Målet for turen var å lære å ferde trygt på bre, lære knutar, stegjernteknikk, samt korleis ein skal løyse ulike situasjonar. Ein av dagane lærte me korleis ein utfører ein redningsaksjon på bre, og det er det tema eg har vald å gå meir inn på.


KAMERATREDNING PÅ BRE

Fotot: mitt eige

Den eine dagen var tema kameratredning. Denne dagen bruka vi til å bli senka ned i ein sprekk for så å bli redda opp igjen. Som Haslene (2008) skriv: "Vi er mindre kreative i situasjoner som er preget av stress. Derfor er det viktig å trene på redning før ulykken er ute slik at man har erfaring nok til å løse en uforutsett hendelse." (Haslene, 2008, s. 139)
Kameratredning på bre er noko ein aldri får trena nok på. Så dette var ein svært lærerik og morosam dag.


Ved redning på bre kan ein kome bort i to ulike situasjonar - bre med eller utan snø. Vi lærte redning på bre utan snø og gikk i taulag på rundt 4-5 personar. Det som er viktig når ein er på bre er å alltid ha to taug i kvart taulag. Den som går fyrst i taulaget skal aldri ha det tauget som er til overs, det skal helst vere den som går seist som har ansvaret for dette.

Det fyrste ein må gjere når ein person har falt ned i ein sprekk er å varsle resten av taulaget om situasjonen slik at den som står med reservetauget kan byrje å gjere det klart. Deretter er det viktig å få avlasta tauget så fort som mogleg og dette gjer ein ved å setje ned ein isskrue. I denne isskruen skal ein feste ein karabin med ein klemknuteslynge i. Klemknuten festas så til tauget som går ned til personen i sprekken, og tauget er no avlasta. (Haslene, 2008)

Foto: Sine Riis Dammeyer
Det neste steget no er å få kontakt med personen som er nede i bresprekken. Her vil ein feste ein ny klemknute til "hovudtauget" for så å feste den  til ei 120cm slynge som igjen vert festa til ein karabin du har i sentralløkka. Etter at ein er sikra, kan ein binde seg ut i frå taulaget og gå fram på kanten for å få kontakt samtidig som ein er sikra for å ikkje dett ned i sprekke sjølv. Når ein har fått kontakt med personen skal ein byrje sjølve redninga. Neste steg er då ved hjelp av reservetauget. (Haslene, 2008)


Foto: Sine Riis Dammeyer
I enden av reservetauget vert det laga ein dobbel åttetallsknute som vert festa til isskruen med ein ny skrukarabin. Dette tauget skal gå ned til personen for å heise han opp igjen, så i tauget som vert ført ned festar vi ein skrukarabin som skal festast i sentralløkka på den som er nede i sprekken. Når ein har fått bekreftelse frå sprekke om at tauget er festa så fører ein den resterande delen av tauget bakover for å få hjelp til å dra opp personen.

For at oppheisinga skal bli så enkel som mogleg skal den personen som er nede i sprekken bruke klemknuten han har til å avlaste tauget etterkvart som har vert dratt opp av sprekken.
(Haslene, 2008)

Den type talje som ein brukar for å heise personen opp av sprekken kallast for ei hjelpetalje eller 1:2 talje. Formålet med å bruke talje ved redning på bre er rett og slett for å forminske tyngda på den ein skal dra opp. Ei 1:2 talje vil doble mengden taug ein må dra inn, men den vil halvere vekta ein må løfte opp.
(Haslene, 2008)

Dobbel åttetallsknute
Hjelpetalje
Klemknute


















Kjelder:

Haslene, S. (2008) Breboka. Håndbok i brevandring. Oslo: DNT fjellsport.

Bildekjelder:

Hjelpetalja:
http://www.fjellforum.no/topic/4274-1316-talje/


lørdag 25. oktober 2014

Høyfjellstur

1. september la vi ut på nok ein tur, denne gong var det tid for å flytte seg frå fjord til fjell. Høgfjellsturen, med start i Grinde, gikk over ei veke der vi forflytta oss tvers over fjellet og til slutt havna i Sogndal. Tema for turen var blomster og vegetasjon og vi fikk alle i oppgåve å presentere ei plante kvar, pluss at vi skulle merke oss ti planter som vi skulle skrive om i ettertid. I dette innlegget skal eg ta føre meg ti planter og gi ein kort beskrivelse av dei.


Ti planter - kort og konkret

Ryllik
Dette er ein av dei plantene som er veldig enkle å kjenne igjen. På grunn av dens kvite utsjånaden så er dette ei plante som er enkel å få auge på. Dette er ein av dei vanlegaste plantene vi har. Kjennetegnet på denne planta er blomsten. Planta består av fleire halvskjermar av kvite små blomster. Rotsystemet til rylliken er veldig godt utvikla og den kan dermed utbreie seg på store områder. Du finner denne planta i grøftekantar, tørre engar, bakkar og open skog.
Ryllik vart flittig brukt som kultur- og medisinplante og kinesarane var tidleg ute med å ta i bruk denne planta. Bortsett i frå dette er rylliken bruka i brennevin, øl og som krydder i maten.
Ein finn rylliken i heile landet opp til snaufjellet, der høgaste notert voksested er 1590 moh. (Kristoffersen. 2007. s. 187)






Hestespreng
Dette er ei bregne innanfor hestesprengslekta i hestesprengfamilien og dette er den einaste planta vi har i Noreg som representerer denne familien. Bregna er 10-15 cm og består av fertile og sterile blad. Fargen på lanta er grønn med brun stilk. Hestespreng vokser i heile Noreg, og er oftast å sjå i fjellet. Denne planta er å finne i steinete, opne og kalkfattige området, samt snøleie, rasområder og grasbakkar.
(Hestespreng. 2013)






Fjellmarikåpe
Fjellmarikåpa tilhøyrer rosefamilien og er ein art innanfor marikåpa. Den skil seg derimot frå marikåpa på bladformen, ved at blada på fjellmarikåpa er delt nesten til midten. Denne planta er vanlegast å finne i tette tuer.
Planta har små, gulgrønne blomster som manglar kronblad og den foretrekker helst kalkfattig grunn. Vanlig voksestad for fjellmarikåpa er hei, beitemark og tidlege snøleier. Den er vanleg i heile fjellkjeda, men kan også bli sett i lavlandet.
(Kristoffersen. 2007. s. 97)


Lusegras
Denne planta manglar krypande jordstengel og stilken er stivt oppretta. Lusegras finn ein i barskog i lavlandet og på fuktig jord i fjellet. Namnet til planta kjem av at den er vorte bruka mot hovudlus og andre skaddyr på dyr og mennesker. Lusegras er vanleg i heile landet og er vanleg å finne heilt frå kysten til fjellet.
(Kristoffersen. 2007. s. 20)






Tepperot
Tilhøyrer rosefamilien, men skil seg i frå andre murer ved at den har fire kronblad. Rota til denne planta er kraftig og raud og den veks ofte i tette tuer. Blomsten er enkel å få auge på i og med at den er gul. Når det gjeld voksested så stiller den ikkje så høge krav til jordmonnet sør i landet, men dess lenger nord vi beveger oss vil den gradvis kreve meir næringsrik jord. Voksestad er skog, eng, myr og hei.
Navnet tepperot kjem frå kva den blei bruka til, det beskriv ikkje kvar den veks. Verbet å teppe vil sei å stoppe eller å sette kork i og på grunn at planta inneheld garvestoff som virkar samantrekkande, har den blitt bruka mot fordøyelsesproblem, kolikk og laus mage. Den raude fargen i rota der i mot har blitt bruka til farging av garn.
Tepperota er vanleg å finne i fjelltrakter nord til Midt-Troms. Lenger nord finnast den mest i lavlandet.
(Kristoffersen. 2007. s. 90)

Følblom
Folbom tilhøyrer kurvplantefamilien og er ei formrik plante med fleire underartar. Stengelen til planta er rett eller litt bøyd med ein eller eit fåtall blomster med smale fjærdelte blader som sitter i ein rosett. Blomstene er gule og kan lett forvekslast med tildømes løvetann. Innanfor følblom slekta har vi ein fjellform som vert kalla fjellfølblom. Denne skil seg frå lavlandsformen ved at den er mindre, einblomstra og med rosettblad med nokon fåfjærflika tennar.
Følblomen er vanleg å finne i heile fjellkjeda.
(Kristoffersen. 2007. s. 193)


Bjørk
Planteslekt i bjørkefamilien. Bjørk er eit lauvtre og inngår dermed i den kategorien av tre og buskar som feller lauvet om hausten. I Noreg har vi tre forskjellige typer bjørk; dunbjørk, dvergbjørk og fjellbjørk.
I den nordlige tempererte sona kan me finne 60 ulike artar. Her dannar dei reine bjørkeskogar eller så kan dei blande seg med andre lauvtre og danne ein blandingsskog. Blomstane til bjørketreet sitter i noko som heiter raklar, der begge kjønn er på same tre.
Bjørka vart før i tida bruka til mykje forskjellig. Barken vart bruka til garving, medan neveren vart bruka til taktekking og det var danna olje av neveren som ein bruka mot sjukdom på dyr. Lauv og kvist frå treet vart bruka til for. Bjørk blei og bruka i ein litt meir overtruisk samanheng der folk trudde dei kunne driv bort skadeinsiket og trollskap ved å slå i jorda med bjørkekvistar.
(Bjørk. 2014)

Røsslyng
Røsslyng er ein av dei vanlegaste lyngplantene vi har. Den blir definert som ein tettgreina dvergbusk med små nåleforma blad. Blomane til røsslyngen er svært små og dei sitter i fleire samlingar langs stilken. Blomane er vanlegvis raudfiolette men dei kan óg vere kvite, dog dette er svært sjeldan. Planta er vanlegast å finne der det er næringsfattig lynghei og berg. Dette er ei plante som blomstar seint.
På grunn av dens sterke farge kan røsslyngen på seinsommaren legge seg som eit fargerikt teppe i naturen. Røsslyng inneheld mykje nektar som tiltrekker seg bier og humler, og dette gjer at planta har hatt stor betydning for produksjonen av lynghonning. I tillegg til dette har den og vore høsta og bruka som brensel.
Røsslyngen er å finne i lågare strøk i heile landet. I fjellet er den vanleg nord til polarsirkelen og mindre vanleg lenger nord og i indre delar av Austlandet.
(Kristoffersen. 2007. s. 135)


Reinlav
Høyrer til busklavarten og er ein art som kan dekke store areal i fjellet der den veks.
Når det gjeld reinlav kan vi skilje mellom to typer; grå og lys. Forskjellen er at den lyse reinlaven har ein litt tettare forgreining enn den grå. Ut i frå denne forskjellen er det kun fargen som skil dei. Reinlav er å finne i open furuskog og i snaufjellet på tørre rabbar og forholdvis tørr mark. Reinlav er ei viktig næringskilde for rein om vinteren.
Tidligare blei denne type lav bruka som kosttilskot for menneske. Dersom ein studere den kvite reinlaven litt nærare kan ein sjå at den er litt gulaktif på farge. Dette er fordi den inneheld usininsyre som har antibiotisk verknad.
 (Reinlav. 2009)
(Hamre, H.B. 2011)


Molte
Dette er fjellmyras og Nord-Noregs eigen bærfrukt. Dette er ei krypande plante og stengelen utviklas dermed frå krypande utløparar. Blada er nyreforma og blomsten er stor og kvit. Denne planta er litt spesiell med det at hann- og hunnblomstener veks kvar for seg, og det er bare hunblomstane som utviklar seg til å bli det fine, velsmakande bæret. Bæret er fyrst raudt og blir til slutt meir oransje. Molte er å finne på næringsfattig grunn og den veks på torvmyr, i fuktig skog og lyngheier.
Molte har lange tradisjonar som både næringsmiddel og i medisinsk bruk. Molta er svært populær og det kjem av både den gode smaken og det høge innhaldet av vitamin C.
Før i tida vart molta bruka av sjøfolk som middel som sjørbuk.
Det er vanleg å finne molte i alle fjellstrøk og den er óg å finne enkelte stadar på Svalbard. Og sist men ikkje minst så er molta fylkesblomsten til Finnmark.
(Kristoffersen. 2007. s. 93)


Kjelder

Hamre, H. B. (2011) Fjellet (2. utgåve, 4. opplag). Latvia: Cappelen Damm as.

Kristoffersen, T. (2007). Det blomstrende fjellet. Bergen: Vigmostad og Bjørke.

Store norsk leksikon. (2014) Bjørk. (Internett) Tilgjengeleg frå: https://snl.no/bj%C3%B8rk. (Lest: 25.10.14)

Store norske leksikon. (2009) Reinlav. (Internett) Tilgjengeleg frå: https://snl.no/reinlav. (Lest: 25.10.14)

Wikipedia. (2013) Hestespreng. (Internett) Tilgjengeleg frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Hestespreng. (Lest: 22.10.14)



onsdag 10. september 2014

Livredningskurs på Holm





Datoen er 25.august og årets fyrste tur for oss ivrige friluftslivstudentar stod endeleg for tur. Vi retta nesa mot Kaupanger og Amlabukta kor denne turen starta. Hovudtema for turen var kano og dermed var kameratredning i kano og livredning ved drukning eit av dei viktigaste tema for turen.




LIVREDNING


Etter ei økt med kameratredninga i kano, var det tid for å gå igjennom rutina for førstehjelp og livredning ved drukning. Prosedyra for livredningsøkta er å hoppe i vatnet, svømme 10-20 meter ut, dykke ned og hente opp livredningsdukka (eventuelt ein anna gjenstand med litt vekt - valfri djubde, men ikkje djupare enn 3m), svømme ut med forlenga arm for å hente inn ein person, utføre hjerte- og lungeredning (HLR) og gi vidare beskjed om kontakting av hjelp (Augestad, T 2011).


Foto henta frå filmen til Armando Navarro
Når ein skal redde ein person som står i fare for å drukne, er det viktig å ha ein gjenstand mellom seg sjølv og personen ein skal redde. Grunnen til dette er på grunn av at den druknande personen befinner seg i eit sjokkstadiet kor han/ho kun tenker på å redde seg sjølv, så å gripe tak i noko som hjelper med å flyte står sterkt.


Foto henta frå filmen til Armando Navarro


Om det er ein redningsvest eller deg bryr personen seg ikkje om og dette kan utsetje ein for stor fare og situasjonen kan ende med to drukningar. Derfor: ALLTID ha med deg eit eller ana som kan vere mellom deg og offeret (Augestad, T 2011).




Foto henta frå filmen til Armando Navarro
Etter me hadde svømt inn med personen var det tid for å utføre HLR, som dei fleste har vore igjennom mange gonger i livet, men som ein aldri kan få øvd nok på. Det fyrste ein skal gjere når ein har fått den drukna personen på land er vanleg rutine med sjekk av bevissthet, puls og kjenne etter pust ved å gi frie luftvegar og så vidare. Dersom personen viser seg å vere besvisstlaus skal ein rope om hjelp, og be nokon ringe 113 for så å setje i gong med HLR. (Leirvåg Kompetanse, u.å)


Foto henta frå filmen til Armando Navarro
Ved drukning skal ein starte med 5 innblåsningar for så å fortsette med 30 kompresjonar og 2 innblåsningar. Dersom ein skulle gløyme å starte med 5 innblåsningar, er ikkje det krise bare ein då fortsetter med 30-2 rutina. Fasiten seier at ein skal ha 100 kompresjonar i minuttet og for å halde rett rytme for å greie dette kan ein ha songen "staying alive" av Bee Gees i bakhovudet. (Norsk Luftambulanse, u.å)




Hjerte- og lungeredning skal ein halde fram med heilt til personen eventuelt vaknar og får puste igjen, eller heilt til hjelpemannskap kjem og kan ta over jobben. 

Dersom personen du har fått opp på land er bevisstlaus men pustar, så skal ein ikkje starte med HLR. Då skal personen leggjast i stabilt sideleie slik at dersom personen spyr eller hostar opp vatn så vil det gå ut av munnen. Skulle dette skje og personen ligg på ryggen vil den i værste fall bli kvalt i sitt eget oppkast. Det vil vi sjølvsagt unngå! 




Kjelder:


Augestad, T (2011). Kroppsliggjort kunnskap og livredning i vann. Hjelpekorps. 

Leirvåg Kompetanse. (u.å) Førstehjelp - kurs og informasjon. Tilgjengeleg frå:  http://www.forstehjelp.info/hjerte-lunge-redning/ (lest: 8. desember 2014)

Norsk Luftambulanse. (u.å) Livredning og førstehjelp. Tilgjengeleg frå: http://helseogsosialfag.cappelendamm.no/binfil/download.php?did=60011 (lest: 8.desember 2014)

Bilder henta frå filmen til Armando Navarro:
http://vimeo.com/105479335