 |
Foto: mitt eige |
Seiste turen for i år var skitur på Jostedalsbreen eller "Josten på langs" som den óg blir kalla. Turen gikk over tre dagar, 19-21.mai. Vi hadde rundt 4-5 lange mil framfor oss så vi visste det kom til å bli ein lang og hard tur. På grunn av veldig uheldig vér så gikk vi i whiteout heile turen, bortsett i frå seiste dag der vi hadde skiftande sikt. Eit av tema for turen var praktisk bruk av GPS, og når ein går i så dårleg vér kan ein ikkje lenger stole blindt på kart og kompass. På grunn av det dårlege véret vi blei utsett for, brukte vi GPS'en flitting for å vere på den sikre sida. I dette innlegget skal eg ta føre meg bruk av GPS og korleis ein bruker dette i tillegg til kart og kompass.
 |
Bilde frå google |
Som Horgen (2010) seier: "Etter min mening kan eg GPS bare supplerer bruken av kart og kompass, og ikke erstatte den. Å for eksempel basere seg ene og alene på GPS, på lange turer i vinterfjellet, er etter min mening en villfarelse." (Horgen, 2010, s. 189). Ein skal ikkje bare basere seg på GPS men óg ta ut kompasskurs og heile tida følge med på karter kor ein er for å ha ein back-up. I forhold til det å vere på tur i dårleg sikt kan det vere ein idé og dra nytte av ein funksjon på GPS'en som går på å
lagre vegmerker. Det kan vere ein idé å lagre vegmerke til plassar der det er viktig at ein treffer riktig, til dømes ved nedgang frå bre. I forhold til dårleg sikt og dersom ein ikkje veilt heilt kor ein skal for å finne leirplass kan ein velge "gå-til" funksjonen så lenge ein frå før har markert det området kor ein skal slå leir (Horgen, 2010, s. 189-190).
 |
Bilde frå google |
I forhold til det å bruke GPS så er det viktig at ein har lagt inn koordinatane på førehand. I planlegging av dagsetappa vil ein finne punkt på kartet kor ein tenker å ha dei ulike pausene og til slutt kor ein skal slå leir. Det å legge inn koordinatane til dei ulike stoppepunkta er gjeldande for å kunne bruke GPS'en som ein "vegvisar" i dårleg sikt. Ein GPS krev til saman 14 siffer, for både den austlige og nordlige kilometertura, når ein skal legge inn koordinatane (Horgen, 2010, s. 190).
Feilen mange gjer med hensyn til bruk av GPS er rett og slett å ikkje setje seg godt nok inn i korleis ein bruker den eller ikkje har riktig innstilling før ein tar den i bruk. For det fyrste er det svært viktig at innstillingane på GPS'en er i samsvar med kartet. I og med at ein på eit kart kun har sekssifra rutetilvisning, er det viktig at ein veit kva tal ein skal lese av på ein GPS for å finne det igjen på kartet (Horgen, 2010, s. 190).
Kjelde:
Horgen, A. (2010).
Friluftslivsveiledning vinterstid. Kristiansand: Høyskoleforlaget
Bildekjelde:
GPS:
https://www.google.no/search?q=GPS&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=765&bih=665&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=xUhkVau1JIi67gbQiYLYAw&ved=0CAYQ_AUoAQ#tbm=isch&q=gps+&imgrc=Ux9js9mWfvOWyM%253A%3BvcvceqLF4bEjxM%3Bhttp%253A%252F%252Fhikinglady.com%252Fwp-content%252Fuploads%252F2009%252F12%252FOutdoor-GPS-Unit1-e1266799970649.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fhikinglady.com%252Fthe-gear%252Fgps-units%252F%3B298%3B431
Kart og kompass:
https://www.google.no/search?q=gps+kan+ikke+erstatte+kart+og+kompass&rlz=1C5CHFA_enNO575NO575&espv=2&biw=765&bih=627&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=iUlkVcazFaPXyQPnkoF4&ved=0CAYQ_AUoAQ#imgrc=8ofrDoZu61d1sM%253A%3B1NLzI-YA8QYx9M%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.krop.no%252Fwp-content%252Fuploads%252F2010%252F02%252FKart-og-kompass-236x300.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.krop.no%252F%253Fpage_id%253D372%3B236%3B300